Sørsamisk valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørsamisk valkrins, tidlegare kalla Sørsameområdet valkrins, (sørsamisk: Åarjel-Saepmie veeljemegievlie, bokmål: Sørsamisk valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 6. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var 1148 personar registrerte i manntalet i området.[2]

Krinsen femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Trøndelag fylke, Surnadal og Sunndal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke.[1]

I 2017 vart det vald inn fire sametingsrepresentantar frå krinsen.[3] Sametinget skal til saman ha 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[4] Sørsamisk valkrins er ved endringa av krinsordninga utvida med åtte kommunar mot sør, det gjeld Surnadal, Sunndal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke og Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Desse kommunane høyrde tidlegare til Sør-Noreg valkrins.[5]

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Sørsamisk valkrins[endre | endre wikiteksten]

Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]