Sørskjomen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sørskjomen (samisk Orjješ Skievvá) er den inste delen av Skjomen, ein fjordarm på sørsida av Ofotfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 8 km sørover til Skjombotn.

Fjorden har innløp mellom Reinneset i aust og Mortenjorda i vest. Vestsida av fjorden er bratt og høg, om lag 900-1000 meter over havet. Isbreen Frostisen ligg rett oppfor fjorden.