Sørstatskonføderasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Confederate States of America
1861–1865
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Hovudstad Richmond i Virginia
Styreform Republikk
Historie
 - Oppretta 1861
 - Opphøyrde 1865
Valuta Dollar

Sørstatskonføderasjonen (engelsk Confederate States of America, CSA, 'Dei konfødererte amerikanske statane') var ein utbrytarstat frå USA som eksisterte under Den amerikanske borgarkrigen frå 1861 til 1865.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Jefferson Davis, president i Amerikas konfødererte statar

Sørstatskonføderasjonen vart stifta den 4. februar 1861 av seks slavestatar i dei amerikanske sørstatane: Sør-Carolina, Mississippi, Florida, Alabama, Georgia og Louisiana. Bakgrunnen for danninga var at Abraham Lincoln akkurat hadde vunne det amerikanske presidentvalet. Jefferson Davis vart vald til president i konføderasjonen dagen etter stiftinga. Tidleg i mars vart òg Texas med i konføderasjonen, etter å ha sparka guvernøren Sam Houston, som hadde nekta å sverja truskap til konføderasjonen.

Den gjenverande unionen erklærte krig mot utbrytarane etter angrepet på Fort Sumter den 12. april 1861. Etter dette gjekk òg Virginia, Arkansas, Tennessee og Nord-Carolina ut av unionen og inn i konføderasjonen. I ein kort periode var òg territoria Arizona og New Mexico styrt av konføderasjonen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Grunnloven til konføderasjonen var laga etter modell av grunnloven til unionen, men med eit par viktige skilnader.

Slaveri vart eksplisitt gjeve grunnlovsvern. Internasjonal slavehandel vart likevel forbode.

I den konfødererte grunnlova fekk delstatane eit sterkare vern mot føderal innblanding enn det konstitusjonen til unionen gav. Mellom anna vart det spesifisert at føderale styresmakter ikkje kunne innføra toll på importerte varer, ei gammal kampsak for sørstatane òg medan dei framleis var i unionen.

Presidenten i konføderasjonen vart vald for ein seksårsperiode. Konføderasjonen fekk ein kongress etter modell av Kongressen i USA, med eit senat med to senatorar frå kvar delstat, og eit representanthus som fungerte på same måte som Representantanthuset i USA.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Sørstatskonføderasjonen.

Konføderasjonen hadde 4 698 km kystlinje, og ein stor del av territoriet låg ved kysten. Dei indre delane av landet var i stor grad fjell og dalar, og i vest var det store ørkenområde. Mississippielva delte landet i to, vestdelen vart ofte omtalt som Trans-Mississippi.

Konføderasjonen var tynt folkesett samanlikna med dei nordlege statane. Det var berre New Orleans med 168 675 innbyggjarar som var på lista over USAs ti største byar. Etter at Richmond i Virginia fekk status som hovudstad auka byen innbyggjartalet mykje i høve til før borgarkrigen, 37 910.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien til dei konfødererte statane var i hovudsak ein landbruksøkonomi, basert på bruk av slavar som billeg arbeidskraft. Det var i all hovudsak bomull som vart produsert, men òg ein del korn og tobakk i tillegg til ris, sukkerrøyr og storfe.

Sørstatane var i lita grad industrialiserte. Statane som hadde gått inn i konføderasjonen stod for under 10 % av den samla industriproduksjonen i USA. Mesteparten av industrien i sør foredla råvarer frå jordbruket. Industrien til konføderasjonen stod berre for 3 % av våpenproduksjonen og 1 % av krutproduksjonen i USA.

Oppløysing[endre | endre wikiteksten]

Den 9. april 1865 kapitulerte sørstatsgeneralen Robert E. Lee og hæren hans. President Davies vart pågripen 10. mai, og i løpet av sommaren kapitulerte dei gjenverande konfødererte styrkane.