Sørum prestegard
Sørum prestegard eller Huseby gard (gnr./bnr. 32/4) ligg på nordsida av fylkesveg 171 litt aust for Sørum skole, nokre få hundre meter frå Sørum kyrkje.
Prestegarden har ei lang historie. Det skal dreie seg om tidlegare krongods som er lagt ut til prestegard, kan hende om lag på den tida då kyrkja vart bygd.[1]
Ein prestegardsbygning frå 1760-åra vart avløyst av dagens bygning i 1838, og denne bygningen vart omfattende restaurert i 1994.[2]
I 2012, etter at den tidlegare soknepresten flytta ut frå prestegarden, vart det teke til orde for at neste prest skulle flytte inn i ein meir tidsriktig bustad, medan den eksisterande prestegarden skulle gjerast om til kultur- og aktivitetssenter.[3][4] Opplysningsvesenets fond valde derimot å behalde prestegarden som prestebustad og å setje han i stand i 2013 før ny prest tok til i fast stilling.[5][6]
Det er likevel ei viss kulturell versksemd knytta til prestegardslåven.[7]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sørum prestegård» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2014.
Fotnotar[endre wikiteksten]
- ↑ Blaker og Sørum historielag
- ↑ Opplysningsvesenets fond
- ↑ Rådmannen si innstilling
- ↑ Blaker og Sørum historielag
- ↑ Opplysningsvesenets fond til Sørum kommune, 14. mars 2013, som svar på e-post frå kommunen
- ↑ Menighetsbladet for Sørum, Blaker og Frogner nr. 1/2013, s. 5
- ↑ Til dømes held eit lokalt bygdekor konsertar der.