Søvnløyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søvnløyse eller insomni er nedsett eller manglande evne til å sove. Dette kan skuldast spesielle sjukdommar som fører til smerter, kvalme eller kløe, og dermed hindrar søvn, eller inntak av stimulerande stoff (kaffe, te, tobakk) som påverkar hjernen; oftast har søvnløyse psykiske årsaker, som angst og uro, utmattande tankeverksemd, slitasje og depresjon. Ein vesentleg faktor er hjå mange frykta for ikkje å få sove. Utilstrekkeleg søvn medfører nedsett arbeidsevne med fleire feilreaksjonar, og ein nervøs irritabilitet der ein blir svært kjenslevar for sanseinntrykk og mental uro. Dette kan vidare føre til ei forverring av tilstanden.

Ein kan best motarbeide søvnløyse ved å gå etter årsakene, regulere livsførselen, og få avlasta mentale påkjenningar. Faste sovetider vil vanlegvis vere nyttig. I sjeldnare tilfelle kan sovemedisin vere aktuelt for ein kortare periode.

Kjeldur[endre | endre wikiteksten]