Sûre
Utsjånad
| Sûre | |||
| elv | |||
Øvre Sûresjøen, eit reservoar i Sûredalen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 4 240 km² | ||
| Lengd | 173 km | ||
| Kjelde | Ardennane | ||
| • høgd | 510 moh. | ||
| Munning | Moselle | ||
![]() Sûre 49°42′49″N 6°30′24″E / 49.713588888889°N 6.5066861111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Sûre | |||
Sûre (tysk Sauer) er ei elv i Belgia, Luxembourg og Tyskland, og ei av sideelvane til Moselle frå venstre, med ei total lengd på 173 km.
Ho har utspring nær Vaux-sur-Sûre i Ardennane i søraustlege delar av Belgia, og renn austover og inn i Luxembourg nær Martelange. Vest for Esch-sur-Sûre renn ho ut i ein kunstig innsjø, Øvre Sûresjøen, som er opphavet til det franske namnet og den luxembourgske kommunen Lac de la Haute-Sûre. Etter ho har passert gjennom Ettelbruck og Diekirch dannar ho grensa mellom Luxembourg og Tyskland dei siste 50 km før ho etter Echternach munnar ut i Moselle ved Wasserbillig. Elvane Wiltz, Alzette, Kvite Ernz, Svarte Ernz, Our og Prüm er sideelvar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sauer» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2007.
