Süßer Trost, mein Jesus kömmt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Süßer Trost, mein Jesus kömmt
BWV 151
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1725
Urframføring27. desember 1725
Publiseringsdato1886
Typisk lengd16:39
Satsar/akter5

Süßer Trost, mein Jesus kömmt, BWV 151, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1725 for tredje juledag. Stykket vart framført på nytt 1728-1731 i Leipzig.

Teksten er skriven av Georg Christian Lehms (sats 1-4) og Nikolaus Herman (femte sats).

Koraltemaet er basert på salmen «Lobt Gott, ihr Christen, allzugleich». Teksten til Nikolaus Herman dukka først opp med ein melody som kan ha vore ei kyrkjeleg utgåve av ein ukjend verdsleg melodi eller dans: «Kommt her, ihr lieben Schwesterlein», som ein finn i Ein Christlicher Abentreien i Leipzig i 1554.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tverrfløyte, obo d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av fem satsar:

  1. «Susser Trost, mein Jesus kommt», Arie for sopran
  2. «Erfreue dich, mein Herz, denn itzo weicht der Schmerz», Resitativ for bass
  3. «In Jesu Demut kann ich Trost», Arie for alt
  4. «Du teurer Gottessohn, non hast du mir den Himmel aufgemacht», Resitativ for tenor
  5. «Heut schleusst er wieder auf die Tur», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]