SAAB 9-3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SAAB 9-3 1.gen

Førstegenerasjons SAAB 9-3
ProdusentSAAB
Produsert1998-2002
Klassemellomklasse
Karosseritypar3/5-d halvkombi, 2-d cabriolet
PlattformGM2900
ForgjengarSAAB 900
EtterfølgjarSAAB 9-3 2.gen
Tekniske data
Lengde4 630 millimeter
Motor2,0-2,3 l bensin
2,2 L diesel
Motoreffekt115-230 hk
Gir5-trinn manuell, 4-trinn automat
Tankvolum68 l
Hjuldriftframhjulsdrift
Akselavstand2600

SAAB 9-3 er ein personbil produsert av Saab Automobile AB i to generasjonar frå modellåret 1998.

SAAB 9-3 (1998-2002)[endre | endre wikiteksten]

SAAB 9-3 var ei formendring av SAAB 900. Ved formendringa vald ein òg å døypa bilen om til 9-3 etter det nye namnsystemet som vart innført ved introduksjon av den større SAAB 9-5. Namnebytet vart òg sett som naudsynt for at bilen ikkje skulle koplast for tett med den problemramma SAAB 900 som han erstatta.

9-3 vart modifisert på ei rekke punkt. Dei mest synlege var ny formgjeving av støytfangaren, ny grill, registreringsskilta si plassering vart flytt til mellom bakljosa (tidlegare plassert under). Understellet vart oppdatert på enkelte punkt og kollisjonsstrukturen vart forsterka. Endringane vart gjort for å modernisera den noko tilårskomne SAAB 900 og for at bilen utantil skulle stå til SAAB 9-5.

Generasjon 1 av SAAB 9-3 vart levert i ein 3- og 5-dørs combicoupé og ein kabrioletversjon.

9-3 Viggen[endre | endre wikiteksten]

SAAB 9-3 Viggen

I 1999 kom ein enda sterkare variant enn toppmodellen 9-3 Aero kalla 9-3 Viggen, namngjeven etter jagarflyet Saab 37 Viggen. Motoren var ein 2,3 liters turbolada 4-sylindra maskin på 230 hk. Andre forandringar var mellom anna betre kopling, «fastare» støytdemping, kortare fjører og ymse utsjånadsmessige endringar (til dømes bakspoilarane som aukar marktrykket ved stor fart). Til saman vart det produsert om lag 3 000 eksemplar av 9-3 Viggen.

SAAB 9-3 (2002-)[endre | endre wikiteksten]

SAAB 9-3 2.gen

Andregenerasjons SAAB 9-3
ProdusentSAAB
Produsert2003 -
Klassemellomklasse
Karosseritypar4-d sedan, 5-d kombi, 2-d kabriolet
PlattformGM Epsilon
ForgjengarSAAB 9-3 1.gen
Tekniske data
Lengde4 630 millimeter
Motor1,8-2,8 l {{}}bensin, E85
1,9 l diesel
Motoreffekt120-280 hk
Gir5/6-trinn manuell, 5/6-trinns automat
Tankvolum62 l
Hjuldriftframhjulsdrift, firehjulsdrift
Akselavstand2660

SAAB 9-3 vart erstatta i 2002, med modellår 2003, av ein heilt ny 9-3. Dette er elles den siste eigenutvikla Saab-modellen. Saab oppgav her, til mange sitt store vonbrot[treng kjelde], den gamle idéen om combicoupén til fordel for eit sedankarosseri som vart kalla SportSedan, forkorta til SS. Bilen fekk ei positiv mottaking mellom anna grunna framifrå køyreeigenskapar[treng kjelde].

Det kom nye motoralternativ, med og utan turbo, som eit resultat av GM sitt ynskje om å redusera talet på grunnmotorar som dei ulike bilmerka kunna nytta. SAAB 9-3 vart difor levert med to «globale» bensinmotorar, ein firesylindra rekkemotor og ein sekssylindra V-motor. Globalt vert desse motorane kalla Ecotec og HFV6 («High Feature V6») og er eit resultat av felles utvikling av General Motors Powertrain i USA, Tyskland og Sverige med hjelp frå Lotus Engineering og Ricardo i England. Montering av desse motorane for 9-3 vart ikkje utført i Sverige, men i Opel sin motorfabrikk i Rüsselsheim høvesvis Holden sin motorfabrikk i Port Melbourne i Australia. General Motors Powertrain i Sverige hadde ansvaret for å tilpassa turboladinga til motoren til motoren. Dieselmotorane kom frå Fiat.

2004 og 2005[endre | endre wikiteksten]

I modellåret 2004 kom ein kabriolet og i modellåret 2005 kom SportCombi, forkorta SC.

2007[endre | endre wikiteksten]

I løpet av våren 2007 fekk også SAAB 9-3 BioPower-motorar i sitt program.

2008[endre | endre wikiteksten]

Frå 2008 fekk modellen ei «andletslyfting» med mellom anna listfrie dører frå Cadillac BLS og designelement frå mellom anna Aero X og 9-5 Aero (M04-05).

Bensin- og etanolmotorane som sit i alle Saabmodellar frå årsmodell 2004 er utvikla av Opel/GM si utviklingsavdeling. Botnplata på SAAB 9-3 er den same som for mellom anna Opel Vectra.

Det vart òg lansert ein spesialmodell av 9-3 Aero, Turbo X, eller Black Turbo. Denne har same 2,8-liters motoren som Aeromodellen, men 280 hk og den siste generasjonen firehjulsdrift frå svenske Haldex. Dessutan ein differensialsperre, kalla eLSD.