SALT-avtalene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
USAs president Gerald Ford og Sovjetunionens leiar Leonid Bresjnev.

SALT-avtalene (Strategic Arms Limitation Talks) var to omgangar av nedrustningsforhandlingar og -avtalar mellom Sovjetunionen og USA. SALT I føregjekk mellom 1969 og 1972 og SALT II mellom 1972 og 1979.

Etter SALT-avtalene heldt nedrustningsforhandlingene fram som skulle føra til START-avtalene og Prøvestansavtalen frå 1996.

SALT I[endre | endre wikiteksten]

Forhandlingane vart innleidd den 17. november 1969 i Helsingfors og haldne fram anten i Helsingfors eller Wien. Forhandlingane var lenge fastlåste, men i mai 1972 vart det semje om å frysa talet utskytingspunkt for strategiske atomrakettar og avgrensa installasjonane med rakettforsvar (ABM) rundt desse. Avtala vart underteikna 26. mai 1972 av USAs president Richard Nixon og Sovjetunionens generalsekretær Leonid Bresjnev. Ein vart òg samde om å halda fram nedrustningsforhandlingane.

SALT II[endre | endre wikiteksten]

Nedrustningsforhandlingene heldt fram med å diskutera reduksjonar i talet på strategiske atomvåpen. Den 18. juni 1979 møttest USAs president Jimmy Carter og Leonid Brezjnev i Wien og underteikna ein avtale om nedrustning. Seks månader seinare invaderte Sovjetunionen Afghanistan, og USAs senat ratifiserte difor aldri avtalen. Sjølv om avtalen formelt sett ikkje var bindande, har partane halde seg til avtalen sienare.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]