SB Nordlandsbuss AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SB Nordlandsbuss AS er eit busselskap med hovudkontor i Bodø. Selskapet vart skipa 1. januar 2002 etter samarbeidet mellom Saltens Bilruter og Nettbuss. 1. april 2005 overtok Nordlandsbuss bussrutene som transportselskapet Helgelandske hadde tidlegare.

I dag er Nordlandsbuss den største aktøren innan buss- og kollektivtrafikk i Nordland, med bussruter i Salten og på Helgeland. Administrerande direktør er Wilhelm Hunstad. SB Nordlandsbuss AS inngår i konsernet Saltens Bilruter AS, som har verksemd i 15 kommunar i Nordland. Nordlandsbuss har ei rekkje systerselskap på forskjellige område i Nordland innan konsernet, m.a. SB Transport (Bodø), SB Transport Ofoten, SB Transport Helgeland, Stoklands Bilruter, Stokland Bilservice, Andøy Trafikklag og Bangs Bilruter.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]