SC Bastia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sporting Club de Bastia, til dagleg omtala som Bastia, er ein fotballklubb i byen Bastia på øya Korsika i Frankrike. Klubben, som vart stifta i 1905, splear i Ligue 1, den øvste divisjonen i det fransk fotballsystemet.

Høgdepunktet i klubbsoga kom då Bastia nådde finalen i UEFA-cupen 1978, der det vart tap 0-3 i heime-/bortekamp mot den nederlandske klubben PSV Eindhoven. Bastia har aldri gått til topps i den franske toppserien. Derimot vann Bastia den nasjonale cupmeisterskapen, Coupe de France i 1981.

SC Bastia spelar heimekampane på Stade Armand Cesari, der det er plass til 16 480 tilskodarar. Laget spelar i mørkeblå drakter med kvite tverstriper over brystet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]