Summer Institute of Linguistics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå SIL språkkode)
Jump to navigation Jump to search

Summer Institute of Linguistics, eller SIL International (ofte referert til berre som SIL) er ein misjonsorganisasjon med hovudkvarter i Dallas i (USA), som har spesialisert seg på lingvistiske undersøkingar av ukjende språk.

I tillegg til misjonsverksemd og lingvistisk arbeid lagar SIL også dataprogram og typesnitt til hjelp for det lingvistiske arbeidet.

Organisasjonen er mest kjend for å publisere Ethnologue-katalogen, eit årleg oversyn og ei klassifisering av alle språka i verda. Databasen ligg føre i bokform, er søkbar via internett, og opererer med ein tre-bokstavkode for alle språka i verda, den såkalla SIL-koden, med raferanse til meir enn 6 500 språk.

I arbeidet med ISO 639-3 blir no Ethnologue-lista samanført med ISO 639-2 og andre kodingssystem til ein ny trebokstavsstandard som skal omfatte alle kjende levande, daude og kunstige språk. Prinsippet attom unifiseringa er å la språk som står i ISO 639-2 halde på den koden, men la språk som ikkje stå der få SIL-koden som ny ISO-kode. SIL er er oppnemnd som registreringsmyndigheit ('Registration Authority', ISO 639-3/RA) for det prosjektet.

Kritikk mot SIL[endre | endre wikiteksten]

SIL har vorte kritiskert for to tilhøve: I klassifiseringa av språk og dialektar er det alltid vanskeleg å dra skiljet mellom språk og dialekt. SIL er kjend for å splitte heller enn å slå saman, slik at dei i mange tilfelle opererer med fleire språk enn andre kjelder. T.d. opererer SIL med fem italienske og tre svenske språk (dalmål, skånsk og svensk).

SIL er også kritisert for å vere ein misjonsorganisasjon, dermed indirekte for kulturimperialisme, der målet med verksemda er å erstatte verdsbiletet og kulturen til urfolk rundt om i verda med det kristne verdsbiletet. På den andre sida er SIL også den organisasjonen i verda som har gjort mest for å bevare og styrke språkleg mangfald.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den første delen av teksten vart omset frå nederlandsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]