Sportsklubben Vidar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå SK Vidar)

Sportsklubben Vidar er eit idrettslag i Oslo, stifta 1. september 1919. Laget er i dag eit reint friidrettslag, tidlegare var det òg med i skiidrett. SK Vidar var medlem i Arbeidernes Idrettsforbund til 1945.

SK Vidar arrangerer både Oslo Maraton, Tryvann Opp og er medarrangør i Bislett Games. Tidlegare arrangerte laget 19933-93 langrennet Vidarløpet og 1984-2003 byløpet Grete Waitz-løpet, det siste med berre kvinnelege deltakarar.

Mellom dei mest markante Vidar-medlemene finn ein hekkeløparen Jan Gulbrandsen, mellom- og langdistanseløparen Grete Waitz, fødd Andersen, og spydkastaren Per Erling Olsen. Også Hanne Haugland, Atle Douglas, Mette Bergmann og Andreas Thorkildsen var medlem i SK Vidar i ein eller fleire sesongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]