SN sin høgkommissær for menneskerettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SN-flagget

SN sin høgkommissær for menneskerettar (eng. Office of the UN High Commissioner for Human Rights, OHCHR, tidlegare UNHCHR) er ei spesialavdeling i SN-systemet som blei oppretta i 1994 for å verna om menneskerettane som er skrivne ned i Menneskerettsfråsegna frå 1948 og garanterte under folkeretten. Høgkommissæren har formell rang som visegeneralsekretær i SN.

Avdelinga blei grunnlagd på basis av ei anbefaling frå verdskonferansen om menneskerettar i 1993, etter påtrykk frå mellom anna dei nordiske landa. Arbeidet hennar er retta mot styresmakter i form av direkte rådgjeving, forpliktande avtalar og traktatar, og skiping og og bygging av statlege og ikkje-statlege institusjonar.

Høgkommissærar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.