SN sitt klimapanel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

SN sitt klimapanel, eng. Intergovernmental Panel on Climate Change (forkorta IPCC, norsk Det mellomstatlege panelet for klimaendringar) er ei breitt samansett gruppe med klimaforskarar som jobbar under eit FN-mandat. Gruppa si arbeidsoppgåve er å kartleggje naturvitskapleg, teknisk og samfunnsøkonomisk informasjon som er relevant for å forstå årsakene til og potensielle effektar av klimaendringar, og korleis ein kan avgrense desse effektane. Panelet blir leidd av indaren Rajendra Pachauri.

SN sitt klimapanel vart etablert i 1988. Det la fram sin første rapport i 1990, med ei klar åtvaring om følgjene av menneskeskapt global oppvarming. IPCC sin andre rapport kom i 1995. I tredje rapport frå 2001 er konklusjonen at temperaturen kan stige med mellom 1,4 og 5,8 °C innan 2100. IPCC sin fjerde rapport kom i februar 2007.

I 2007 vart IPCC saman med Al Gore tildelt Nobels fredspris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]