STS-6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
STS-6
Statistikk
Romferje: Challenger
Rampe: 39A
Oppskyting: 4. april 1983 1:30:00 p.m. EST
Attende til jorda: 9. april 1983 10:53:42 a.m. PST
Landingsplass: Edwards Air Force Base
Ferdas tid: 5 dagar, 23 minutt, 42 sekundar
Mannskap
Kommandør: Paul J. Weitz
Pilot: Karol J. Bobko
Oppdragsspesialistar: Donald H. Peterson
F. Story Musgrave

Portrettfoto av mannskapet.
Kronologi
Førre romferd Neste romferd
STS-5 STS-7

STS-6 var namnet på ei ferd med den amerikanske romferja Challenger. Dette var den sjette romferda i det amerikanske romferjeprogrammet og den første romferda med Challenger.

Nyttelast[endre | endre wikiteksten]

  • Satellitten «Tracking and Data Relay Satellite-1(TDRS-1)».
  • Continuous Flow Electrophoresis System (CFES)
  • Monodisperse Latex Reactor (MLR)
  • Radiation Monitoring Experiment (RME)
  • Night/Day Optical Survey of Lightning (NOSL)
  • 3 Get Away Special canisters.

Forseinkingar[endre | endre wikiteksten]

Romferja Challenger skulle eigentleg blitt skoten opp den 20. januar, men datoen vart utsett grunna hydrogenlekkasjar. Då ein undersøkte romferja fann ein fleire sprekker og ein demonterte dermed alle 3 hovudmotorane og reparerte sprekkene. Etter nøye testing av hovudmotorane vart to av dei sett tilbake på plass, medan ein bytta den tredje hovudmotoren med ein annan.

Under ein storm vart noko av nyttelasta ureina, og oppskytinga vart flytta fram til april.

Oppskytinga[endre | endre wikiteksten]

Starten på romferda skjedde klokka 13:30 (EST) den 4. april 1983 då romferja Challenger vart skoten opp frå Pad 39A ved Kennedy Space Center i Florida.

Høgdepunkt frå romferda[endre | endre wikiteksten]

Musgrave går langs skroget på romferja.

Astronautane Peterson og Musgrave skulle utføre den første romvandringa frå ei romferje. Den varte i 4 timar og 17 minuttar. Målet var å prøve ut dei nye romdraktene ein hadde konstruert for bruk om bord romferjene.

Dessutan skulle ein utplassere satellitten «Tracking and Data Relay Satellite-1» (TDRS-1). Satellitten hamna i ei ubrukeleg, men stabil bane, men ved hjelp av reservedrisvstoff om bord i satellitten, gjekk det å etterkvart plassere den i rett bane.

Landing[endre | endre wikiteksten]

Den 9. april 1983 klokka 10:53 (PST) landa romferja Challenger ved Edwards Air Force Base etter si første ferd ute i verdsrommet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Romferder med romferja Challenger
1983: STS-6 | STS-7 | STS-8 | 1984: STS-41-B | STS-41-C | STS-41-G | 1985: STS-51-B | STS-51-F | STS-61-A | 1986: STS-51-L