SYRIZA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SYRIZA-logoen.
Alexis Tsipras (Αλέξης Τσίπρας) er partileiar i SYRIZA og vart statsminister i Hellas etter parlamenstvalet 25. januar 2015.

SYRIZA, gresk: ΣΥΡΙΖΑ, avstytting for Koalisjonen av det radikale venstre (gresk: Συνασπισμός Ριζοσπαστικής Αριστεράς, Synaspismós Rizospastikís Aristerás), er eit politisk venstreorientert parti i Hellas. Partiet vart skipa som ein valallianse mellom ulike venstreparti i samband med valet til parlamentet i Hellas i 2004. Ved dette valet fekk alliansen 3,3 prosent av røystene, og dette gav seks mandat.

Ved parlamentsvalet i Hellas i mai 2012 gjekk SYRIZA fram til 16,8 prosent av røysene, frå 4,6 prosent ved parlamentsvalet i 2009. Av di ingen parti var i stand til å etablere ei fleirtalsregjering etter dette valet, vart det halde nyval allereie i juni 2012. Før dette valet sytte SYRIZA for å registrere seg som eit politisk parti i staden for å stille til val som ein valallianse. Dette nye politiske partiet fekk då 26,9 prosent av røystene, som gav 71 mandat av til saman 300 i parlamentet.

Ved parlamentsvalet 25. januar 2015 fekk partiet 36,34 prosent av røystene og 149 mandatar i parlamentet, altså nesten halvparten av dei 300 plassane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]