S Andromeda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

S Andromeda eller SN 1885A er ein supernova som vart observert i 1885 i Andromedagalaksen, og som ved maksimum var synleg med det nakne auga.

Han vart først sett den 17. august 1885 av den franske astronomen Ludovic Gully,[1] men Gully trudde på den tida at det var spreidd månelys i teleskopet sitt og følgde ikkje opp observasjonane. Ernst Hartwig ved Tartu-observatoriet i Estland såg supernovaen 20. august og kommuniserte funnet i eit telegram den 31. august 1885, då Hartwig hadde stadfesta at det ikkje var skapt av reflektert månelys.[2] Telegrammet førte til vidstrekte observasjonar av hendinga.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ueber den neuen Stern im grossen Andromeda-Nebel». Astronomische Nachrichten 113: 45. 1885. Bibcode:1885AN....112..45 . doi:10.1002/asna.18861130306. 
  2. Copeland, Ralph (September 1885). «Dun Echt Circular». Bibcode:1885AReg...23..248C. 
  3. Vogel, H.C. (1885). «Ueber den neuen Stern im grossen Andromeda-Nebel». Astronomische Nachrichten 112: 283. Bibcode:1885AN....112..283V. doi:10.1002/asna.18851121604.