Saada guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sa'dah guvernement)
Saada
guvernement
Sa'dah
Land  Jemen
Koordinatar 16°58′N 44°43′E / 16.967°N 44.717°E / 16.967; 44.717
Hovudstad Sa'dah
Areal 11 375 km²
Folketal 838 000  (2011)[1]
Folketettleik 74 / km²
Kart
Saada guvernement
17°04′00″N 43°55′00″E / 17.066666666667°N 43.916666666667°E / 17.066666666667; 43.916666666667
Wikimedia Commons: Saada Governorate

Saada (arabisk صعدة Ṣa'da) er eit guvernement i Jemen. Det administrative setet og den største byen er Sa'dah.

Opprør[endre | endre wikiteksten]

Sidan juni 2004 har det vore valdelege konfliktar i Saada, og tusenvis har mista livet, medan 250 000 menneske er drivne på flukt.[2] Sjiaopprøret i Jemen har røter i opprør mot regjeringa i landet, og vart starta av den religiøse Zaidi-leiaren Hussein Badreddin al-Houthi i 2004. Det vart forhandla fram ein våpenkvile i juni 2007, etterfølgd av ein fredsavtale i februar 2008. I april 2008 stod fredsprosessen i fare då kvar side av konflikten skulda kvarandre for å ikkje følgje delar av avtalen.[3]

I 2013 hadde houthiane, som Zaidi-opprørarane vert kalla, eit godt fotfeste i Saada, og var òg aktive i fleire av naboguvernementa.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 24. februar 2013. 
  2. Jemen: Relative calm in Sa'ada, Amran and Al-Jawf
  3. IRIN 2008, 'YEMEN: Peace agreement on verge of collapse?', IRIN, 20. april. Henta on 28. april 2008.