Sa'ar
| Sa'ar | |||
| סַעַר | |||
| kibbutz | |||
| Namneopphav: Storm | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Vest-Galilea | ||
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Mateh Asher | ||
| Koordinatar | 33°1′42.6″N 35°6′34.56″E / 33.028500°N 35.1096000°E | ||
| Folketal | 780 (2015) | ||
| Grunnlagd | 1948 | ||
| • Grunnlagd av | Hashomer Hatzair og Holocaust-overlevande | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Sa'ar 33°01′43″N 35°06′35″E / 33.0285°N 35.1096°E | |||
| Wikimedia Commons: Sa'ar (Kibbutz) | |||
Sa'ar (סַעַר, tyder Storm) er ein kibbutz vest i Galilea i Israel. Han ligg nær Nahariya, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 403.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen vart grunnlagd i 1948 av medlemmar frå den sosialistisk-sionistiske ungdomsrørsla Hashomer Hatzair og Holocaust-overlevande.[1]
Kibbutzen vart grunnlagd i august 1948 på landområdet til den avfolka palestinske landsbyen Az-Zeeb, sør for landsbyen.[2][3]
I august 2006 flykta mange innbyggjarar frå kibbutzen etter at Hizbollah avfyrte opp til 60 rakettar dagen. Kibbutz-medlemmet David Lelchook vart drepen av splintar frå eit missil som traff framsida av huset hans.[4]
Kjende innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen vart kjend som gardssamfunnet der komikaren Jerry Seinfeld arbeidde som frivillig då han var 16 år gammal.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sa'ar» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
- Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-00967-6.
- ↑ Kibbutz Sa'ar website
- ↑ Morris, 2004, p. xxi, settlement #18.
- ↑ Khalidi, 1992, p. 37.
- ↑ [http://info.jpost.com/C002/Supplements/CasualtiesOfWar/2006_08_03_1.html Arkivert 2008-05-12 ved Wayback Machine. Rocket kills American oleh at Kibbutz Sa’ar, Jerusalem Post
- ↑ Jerry Seinfeld show in Atlantic City, arkivert frå originalen 5. april 2012, henta 8. mars 2015


