Saab JAS-39 Gripen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saab JAS 39 Gripen

Saab JAS 39 Gripen er eit fjerde generasjons jagarfly som vert produsert av Svenske Saab Aerosystems. Gripen er eit jagarfly som kan brukast til forsvar-, bombe- og etterretningsoppdrag derav namnet JAS (Jakt, Attack, Spaning). Namnet Gripen er resultatet av ein namnekonkurranse som vart heldt på 1980-talet.

Ulykker[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 havarerte eit prototype i samband med landing på Saabs flyplass i Linkøping. Årsaka var ein feil i det elektroniske styresystemet.
  • Den 8. august 1993 havarerte eitt jagarfly midt under ein flyshow i samband med den svenske Vattenfestivalen i Stockholm. Nok eingong var styresystemet årsaka.
  • I 1999 havarerte nok eit jagarfly i Vänern. Truleg var årsaka her overkompensasjon i styresystemet.
  • Den 1. juni 2005 havarerte enda eit jagarfly i havet utanfor Blekinge. Årsaka var att flyet hamna i ein tilstand som ein berre hadde trudd var mogleg i teorien, der luftstraumen rundt flyvingane ikkje vart påverka av rorutslaga.

Til trass for alle desse ulykkene, er dette totalt sett færre enn kva som har inntruffe med andre liknande jagarfly, som for eksempel amerikanske F-16 Fighting Falcon som blant anna Noreg flyr. Det at TV kamera filma dei to første ulykkene, gjorde at Gripen fekk omfattande oppmerksamheit i media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]