Saamelaismuseo Siida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siida

StadInari
Skipa1959
Kart
Saamelaismuseo Siida
68°54′39″ N 27°0′49″ E

Siida er det samiske museet i Finland. Det ligg i Enare kommune i Finland. Museet omfattar også eit naturhistorisk informasjonssenter.

Ájtte eller buerie; eit forrådshus. Frå friluftssamlinga til museet.

Museet blei skipa i 1959 av den samiske foreininga Sámii Litto som Anára sámemusea (Enare samemuseum). Dette friluftsmuseet fekk sitt fyrste hus i 1960, og opna for publikum i 1963. Stiftinga Saamelaismuseosäätiö blei danna i 1986. Det nye museumsbygget, teikna av Juhani Pallasmaa, opna i 1998.

Museet har også ansvar for samiske kulturminne andre stader i Finland. I Inari ligg også Det finske sametinget. Namnet «Siida» kjem frå den tradisjonelle samiske samfunnsorganiseringa siida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Saamelaismuseo Siida