Saara Aalto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saara Aalto
Singer Saara Aalto. Photo by Ville Paul Paasimaa.jpg
Fødd 2. mai 1987 (34 år)
Oulunsalo
Yrke songar, singer-songwriter, stemmeskodespelar
Saara Aalto på Commons

Saara Sofia Aalto (fødd 2. mai 1987 i Uleåsalo[1]) er ein finsk songar og stemmeskodespelar. Aalto vart landskjend i Finland i 2007 då ho kom på andreplass i Talent Suomi, og i 2012 då ho kom på andreplass i The Voice of Finland.[2][3] Sidan har Aalto delteke i fleire talenttevlingar, og i 2016 vart ho kjent i Storbritannia då ho kom på andreplass i britiske X Factor med Sharon Osbourne som mentor. Ho er ein av Finlands mest kjende songarar og vart i 2016 kåra til årets finske person. Aalto representerte Finland i Eurovision Song Contest 2018 med songen «Monsters».[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Aalto vaks opp i ein musikalsk familie i Uleåsalo i Finland, og ho skreiv sin fyrste song allereie som femåring.[5][6] Som barn og ungdom deltok ho i fleire lokale songfestivalar for barn, og i 2003 vann ho Charlotte Church internasjonale syngetevling i USA med ein eigenkomponert song.[7] Vidare representerte ho Finland i Golden Stag International Song Contest i Romania i 2004.

Aalto var elev ved Madetoja vidaregåande skule for musikk, der ho vart uteksaminert i 2005. Deretter flytta ho til Helsingfors for å studere musikk ved Sibelius-akademiet og song ved Helsingfors-konservatoriet for pop og jazz.[8] I 2006–2007 deltok Aalto i det TV-sende talentshowet Talent Suomi – tilsvarande Norske talentar, der ho enda på andreplass. Ein ny andreplass følgde i talentshowet The Voice of Finland i 2012. Aalto har òg delteke med eigenkomponerte bidrag i den finske uttakinga til Eurovision Song Contest to gongar: I 2011 med «Blessed with Love» og i 2016 med «No Fear» – begge gongene enda ho på ein andreplass.

Ein ny andreplass følgde i 2016, då Aalto deltok i sesong 13 av det britiske talentshowet The X Factor på ITV. Det var ynsket om ein internasjonal karriere som gjorde at ho melde seg på til audition i tevlinga.[9][10][11] I tevlinga fekk Aalto Sharon Osbourne som mentor og kom inn som eit sokalla wildcard. Under direktesendingane var ho tre gongar blant deltakarane med færrast sjåarstemmar, men utover i The X Factor fekk ho stadig større støtte frå sjåarane. Aalto vann òg den åttande og niande direktesendinga, og ho nådde finalen der ho kom på ein andreplass bak Matt Terry.[12]

Deltakinga i den britiske The X Factor gjorde Aalto landskjend i Storbritannia og førte til fornya interesse i heimlandet Finland. Kvar fjerde finne følgde den britiske The X Factor-finalen, og ho var den mest googla personen i Finland i 2016.[13][14][15] Tabloidavisen Iltalehtis lesarar røysta fram Saara Aalto som Årets finske person i 2016.[16] Etter andreplassen fekk ho òg platekontrakt med Sony Music i Storbritannia og Finland, men gjekk hausten 2017 over til Warner Music Group på grunn av misnøye med Sony-kontrakten. I 2018 var Aalto ein av dommarane i den andre sesongen av X Factor Suomi.

I november 2017 valde den finske kringkastaren Yle Aalto til å representere Finland i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i Portugal.[4] Aalto deltok med låten «Monsters» som enda nest sist i finalen laurdag 12. mai.[17]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Parallelt med artistkarrieren har Aalto òg gjort karriere som stemmeskodespelar, og ho har dubba ei rekkje rollar i teiknefilmar og tv-seriar. Blant anna hadde ho stemmen til Prinsesse Anna i den finske versjonen av Disney-filmen Frost.

Aalto har òg sunge duett og halde konsertar med ei rekkje kjende artistar som Adam Lambert, Andrea Bocelli, José Carreras og pianisten Robert Wells.[18][19][20] Ho har òg gjeve ut fem album på sitt eige plateselskap Yume Records.[21]

Aalto er ope lesbisk og forlova med Meri Sopanen, som også er manageren hennar.[22].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Saara Aalto kärsii kanssakilpailijoiden käytöksestä: "Ihan käsittämätöntä!"». Anna.fi (på finsk). 11. oktober 2016. 
  2. Walsh, S.M. (10. desember 2016). «Saara Aalto, ‘X Factor UK’: 5 Fast Facts You Need to Know». Heavy.com (på engelsk). 
  3. «Saara Aalto» (på engelsk). Arkivert frå originalen 2017-02-16. Henta 27. januar 2018. 
  4. 4,0 4,1 «X Factor’s Saara Aalto to represent home country Finland in Eurovision 2018». The Sun (på engelsk). 7. november 2017. 
  5. Juha Sutela (14. oktober 2002). «Unohtumaton ilta Olgan kunniaksi». kaleva.fi. Henta 8. mars 2017. 
  6. Kimmo Pihlajamaa, Yrjö Mikkonen og Sari Hourula. «Oulun musiikkielämän grand old lady». kaleva.fi. Henta 8. mars 2017. 
  7. Saara Aalto (8. mars 2016). «I wanted to learn to sing like Charlotte Church». facebook. Henta 12. mars 2017. 
  8. «Saara Aalto | Biography & History | AllMusic». Henta 27. januar 2018. 
  9. Josh Darvill (7. mars 2017). «X Factor's Saara Aalto says the UK is her 'new home' as performs on live tour». tellymix.co.uk. Henta 7. mars 2017. 
  10. kari (17. desember 2016). «This is the reason why Saara wanted to go to X Factor in England. Saara wants to sing English music and her goal is to achieve international musical success what she has always dreamed of.». Henta 7. mars 2017. 
  11. «The girl band that changed my life was Spice Girls. When I was 10 years old I saw Spice Girls. Then I called my friend and was like - we need to have a band. That's how I started to compose and sing in English.». X Factor. 5. november 2016. Henta 7. mars 2017. 
  12. «The X Factor 2016 live final: Can Saara Aalto beat Matt Terry?». Henta 11. desember 2016. 
  13. «Joka neljäs suomalainen katsoi Saara Aallon finaalitaistelua X Factorissa». hs.fi. 11. desember 2016. Henta 19. februar 2017. 
  14. «25 % of Finns (1,324,000) watched @saaraalto and @TheXFactor on Sunday evening. @subsuomi #XFactor #xfactorfinal». finnpanel.fi. 11. desember 2016. Henta 19. februar 2017. 
  15. David Johnson, Megan McCluskey (22. desember 2016). «See the Most Googled Person in Each Country in 2016». time.com. Henta 1. mars 2017. 
  16. Miia Vatka (31. desember 2016). «Iltalehden lukijat valitsivat: Saara Aalto on vuoden suomalainen!». Iltalehti. Henta 3. februar 2017. 
  17. «Finland – Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 14. mai 2018. 
  18. 10 December 2016 X Factor: Bohemian Rhapsody
  19. «Andrea Bocelli Setlist at Hartwall Areena, Helsinki, Finland - Tour: A Passion for Life». 25. januar 2015. Henta 3. mars 2017. 
  20. «Concert in Shanghai: Robert Wells - Rhapsody In Rock». 26. oktober 2012. Henta 16. februar 2017. 
  21. Tony Rojas (29. januar 2016). «Saara Aalto: "I want my song to be the happy funeral of fear, where people are dancing together!" (Finnish semifinalist – Exclusive Interview)». www.esc-plus.com. Henta 3. februar 2017. 
  22. Walsh, Shannon (10. desember 2016). «Saara Aalto, ‘X Factor UK’: 5 Fast Facts You Need to Know». Henta 11. desember 2016.