Sabarmati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sabarmati
elv
River-Sabarmati-2.jpg
Land Flag of India.svg India
Statar Gujarat, Rajasthan
Wikimedia Commons: Sabarmati River

Sabarmati er ei av dei store elvane som renn vest i India.[1] Ho har opphav i Aravallifjella i Udaipur distrikt i Rajasthan, og renn ut i Khambhatgolfen i Det arabiske havet. Elva har eit løp på 371 km som går sørvestover gjennom Rajasthan og Gujarat.[1] 48 km av elva går gjennom Rajasthan, medan 323 km høyrer til Gujarat.[1]

Byane Ahmedabad og Gandhinagar, høvesvis den kommersielle og den politiske hovudstaden i Gujarat, ligg ved elva. Mahatma Gandhi grunnla ein ashram, Sabarmati Ashram, ved bustaden sin ved breidda av elva.[2]

Sabaramti og bielvane hennar er demde opp fleire stader. Dharoi-demningen på Sabarmati ligg nær Dharoi i Mehsana distrikt nordi Gujarat. Demningen blei bygd i 1978 for å kontrollera vassføring - danna hydroelektrisitet, hindra flaum og bidra til kunstig vatning.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Water Year Book 2011-12: Mahi, Sabarmati & Other West Flowing Rivers (PDF). Gandhinagar: Central Water Commission. 2012. s. 14. 
  2. «Sabarmati Ashram History». 
  3. «Dharoi dam brimming over». The Times of India. September 2, 2011. Henta 10. april 2013.