Sabayon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sabayon au champagne.

Sabayon eller sauce sabayonne, også kalla fransk eggedosis, er ein fransk saus som byggjer på den italienske desserten zabaione. I utgangspunktet er han laga av eggeplomme og kvitvin og smaksett med sukker eller salt. Ein piskar eggeplomma og væska, som også kan vera vatn, over vassbad.

Sabayon kan lagast likt zabaione og serverast som ein dessert. Det kan serverast med bær, frukt eller bakverk. Ofte kan ein tilsetja litt sitronsaft, vanilje eller krydder som kanel eller anis.

Sabayon som ikkje er søt kan brukast som saus til fisk og skaldyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Oppskrifter