Sabine Busch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sabine Busch


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 21. november 1962 (61 år)
Erfurt
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1988 Summer Olympics – women's 400 metres hurdles, athletics at the 1988 Summer Olympics – women's 4 × 400 metres relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull, Stern der Völkerfreundschaft, Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Sabine Busch (fødd 21. november 1962) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Erfurt som representerte Aust-Tyskland til 1990, sidan det samla Tyskland. Ho vart i 1987 verdsmeister på 400 meter hekk, ho vann også to VM-gull i 4 x 400 meter stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under europameisterskapen 1982 kom Busch på fjerdeplassen på 400 meter, før ho vann ein gullmedalje på 4 × 400 m stafett saman med Kirsten Siemon, Dagmar Rübsam og Marita Koch. Året etter rauk ho ut or 400-metertevlinga i semifinalane då det fyrste friidretts-VM fann stad i Helsinki, men fekk med seg ein ny gullmedalje i den lange stafetten, då på lag med Gesine Walther og førnemnde Koch og Rübsam. 2. juni 1984 forbetra Busch i Erfurt den personlege rekorden på 400 m til 49,24 sekundar, dagen der etter sprang ho ein av etappane til eit austtysk mannskap som sette verdsrekord i 4 x 400 m med tida 3.15,9. Men ettersom Aust-Tyskland i 1984 boikotta sommarleikane, fekk ikkje Busch høve til å delta i leikane i Los Angeles.

Frå 1985 satsa Busch på 400 meter hekk. Ho vann øvinga under europacupen i Moskva på tida 54,13, før ho i september månad i Berlin med tida 53,55 sekundar senka Margarita Ponomarjova sin verdsrekord på 53,58. Ho avslutta 1985-sesongen med siger under verdscupen i Canberra.

Våren 1986 vart Busch for andre gong i rad europameister på 400 m innandørs. Under europameisterskapen sommaren 1986 i Stuttgart måtte ho derimot sjå seg slått på 400 m hekk av Marina Stepanova frå Sovjetunionen, som med vinnartida 53,32 også sletta Busch sin årsgamle verdsrekord i øvinga. Busch fekk sølvet etter å ha vorte klokka inn på 53,60. I same meisterskapen vann Busch også stafettgull på 4 x 400 m, saman Emmelmann (Siemon), Petra Müller og Koch.

I 1987 vann Busch 400 m ved innandørs-VM i Indianapolis. Den 21. august presterte ho i Potsdam sitt snøggaste langhekkløp nokon gong, der ho vart klokka inn til 53,24 sekundar. Knapt to veker seinare kom hennar høgdepunkt som idrettsutøvar, då ho under verdsmeisterskapen i Roma vann langhekken på 53,62 sekundar, med god klaring til nummer to. Og som vanleg sigra det austtyske laget på lange stafetten, her sprang ho saman med Emmelmann, Neubauer (Rübsam) og Müller.

Under dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul sprang Busch i mål på tida 53,69, dermed vart ho nummer fire, seks hundre dels sekund unna bronsemedaljen som gjekk til landslagskollega Ellen Fiedler. Busch fekk likevel med seg ein bronsemedalje då ho og lagvenninnene Neubauer, Emmelmann og Mülller kom på tredjeplass på 4 x 400 meter.

I 1991 representerte Busch det samla Tyskland under Friidretts-VM 1991 i Tokyo, der ho med tida 55,93 var langt unna å ta seg vidare frå semifinalane.

Langhekktida til Busch er framleis tysk rekord i 2018. Og bestetida hennar på 400 meter, 49,24 sekundar, er det einast verdsrekordhaldar Marita Koch som har gjort betre.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje i 4 x 400 m stafett. Nr 4 på 400 m – 50,57
  • VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane på 400 m (51,09 =nr 9)
  • EM 1986 i Stuttgart: Sølv på 400 m hekk – 53,60, bakom Marina Stepanova (53,32). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
  • VM 1987 i Roma: Gull på 400 m hekk – 53,62, framom Debbie Flintoff (54,19). Gullmedalje i 4 x 400 m stafett
  • OL 1988 i Seoul: Nr 4 på 400 m hekk – 53,69. Bronsemedalje i 4 x 400 m stafett
  • VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (55,93 =nr 14)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]