Sabine-elva på New Zealand

Koordinatar: 41°55′S 172°41′E / 41.917°S 172.683°E / -41.917; 172.683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sabine
Sabine River
elv
Utsikt oppetter Sabine Valley
Land  New Zealand
Kjelde East Branch, Mount McKay
 - høgd 1 820 moh.
Munning Lake Rotoroa i Tasman
 - høgd 450 moh.
Kart
Sabine River på New Zealand
41°55′00″S 172°40′59″E / 41.9167°S 172.683°E / -41.9167; 172.683
Wikimedia Commons: Sabine River

Sabine-elva ligg på SørøyaNew Zealand. Ho renn gjennom Nelson Lakes National Park.

Elva har to sidegreiner, East Sabine og West Sabine. West Sabine renn ut or innsjøen Lake Constance, og Blue Lake. Dei to elveløpa møter kvarandre i Sabine Forks, og renn inn i Rotoroasjøen. Bortsett frå øvst, der elva renn gjennom ope tussockland og krattskog, renn ho gjennom naturleg oppvaksen bøkeskog. Elva er ikkje farbar på grunn av dei steinute fossefalla gjennom mesteparten av elveløpet.

Det går ei tur-rute langs elva,[1] og ho dannar den vestlege greina av turruta Travers-Sabine tramping circuit. Denne ruta startar vanlegvis frå Saint Arnaud ved nordenden av Rotoitisjøen, og følgjer løpet til Travers-elva, går over det subalpine fjellpasset Travers Saddle (1787 moh.), derfrå nedetter East Sabine Valley og Sabine Valley til Rotoroasjøen. Ei rute går også oppetter West Sabine til Blue Lake. Denne ruta held fram over Waiau Pass, og bind seg til slutt saman med Saint James Walkway og Lewis Pass.

Tre villmarkshytter ligg i Sabine Valley: Sabine Hut (på breidda til Lake Rotoroa, nær munningen til Sabine); West Sabine Hut (nær Sabine Forks) og Blue Lake Hut.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Der er eit variert plante- og fugleliv i Sabine River Valley.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jim DuFresne (2002). Tramping in New Zealand (5 utg.). Lonely Planet Series. s. 186. 

41°55′S 172°41′E / 41.917°S 172.683°E / -41.917; 172.683