Sabinebreen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sabinebreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | |||
Lengd | 13,5 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Sabinebreen | |||
Sabinebreen er ein 13,5 km lang isbre på nordsida av Detroit Plateau, som flyt nordover langs austsida av Korten Ridge og som endar ved sjøen i Jordanoff Bay på Davis Coast i Graham Land i Antarktis. Kaptein Henry Foster gav namnet «Cape Sabine» i 1829 til eit nes som låg søraust for Cape Kater, men det har ikkje vore mogeleg å identifisere neset. Namnet er bevart i området. Sir Edward Sabine (1788-1883) var ein engelsk astronom og geodesist, som var medlem av komiteen som plana reisa til Foster i 1829 med «Chanticleer».
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sabine Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).