Sabkhat al-Jabbul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°04′N 037°30′E
Sabkhat al-Jabbul
سبخة الجبول
innsjø
none
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Aleppo guvernement
koordinatar 36°04′N 037°30′E
Areal 100 km²
Type Saltsjø
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Sabkhat al-Jabbūl, Mamlahat al-Jabbūl eller Jabbūlsjøen (arabisk سبخة الجبول) er ein stor saltsjø, som varierer stort gjennom årdet, med tilhøyrande saltsletter, 30 km søraust for Aleppo i Syria, i Bāb-distriktet i Aleppo guvernement. Han er den største naturlege innsjøen i Syria og den nest største etter den kunstige Assadsjøen. I 2009 dekka innsjøen kring 100 kvadratkilometer og var relativt stabil.[1] Saltslettene er store og synlege frå verdsrommet. Området omfattar Sabkhat al-Jabbul naturrservat for å verne villfuglane som hekkar her.[2]

Grunne, tørrlagte delar av innsjøen i august etterlet seg saltkrystaller på bakken.

I dag ligg Sabkhat al-Jabbul i eit lukka nedslagsfsfelt, men under pleistocen var bassenget fylt opp, fløymde over og danna ei sideelv til Eufrat. Innsjøen vart tradisjonelt fylt opp om våren og krympa om sommaren og hausten. I 1988 starta eit kunstig vatningsprosjekt der store mengder av delvis salt vatn frå området kring fylte innsjøen slik at vasspegelen vart stabil.[1]

Ressursbruk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare vart områda nytta innan turisme, fuglejakt, beitemarkerer på dei kringliggande steppene og saltutvinning.[1] Al-Jubbul er ei stor saltkjelde i Syria, i lag med andre kjelder som Jayrud i Rif Dimashq guvernement, nordaust for Damaskus og Khatuniyahsjøen (Khatunia) i Al-Hasakah guvernement, nordaust for Al-Hasakah, nær landsbyen Al Hawi og den irakiske grensa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «SY006: Sabkhat al-Jabbul" BirdLife IBA Factsheet
  2. Carter, Terry (editor) (2004) «National Parks and Reserves: Syria» Syria & Libanon (2nd edition) Lonely Planet Publications, Footscray, Victoria, Australia, page 59

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]