Sabri Sarıoğlu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sabri Sarıoğlu
Sabrisariogluvssamsunspor.jpg
Personleg informasjon
Fødd 26. juli 1984
Fødestad Çarşamba
Høgd 170 cm
Posisjon Høgreback, høgreving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Galatasaray
Nummer 55
Ungdomsklubbar
1995-99
1999-2003
Tyrkia Yeni Özkartalspor
Tyrkia Galatasaray
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000- Tyrkia Galatasaray 188 (13)
Landslag
2003-06
2006-
Tyrkia Tyrkia U21
Tyrkia Tyrkia
21 (0)
57 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 28. juni 2010

Sabri Sarıoğlu (fødd 26. juli 1984 i Çarşamba i Samsun-provinsen) er ein tyrkisk fotballspelar som har spela for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen og for det tyrkiske fotballandslaget.

Sarıoğlu har spelt for Istanbul-klubben Galatasaray i heile karrieren sin, heilt frå aldersbestemte lag. Han debuterte for A-laget som 18-åring i 2002/03-sesongen og har spelt dei fleste ligakampane for klubban sidan 2003/04-sesongen. Han spelte den 100. seriekampen sin for Galatasaray 10. desember 2006, i ein kamp der han òg skåra mål. Han spelar for det meste høgreback for Galatasaray. Han vart seriemeister for Galatasaray i 2006 og 2008.

Sarıoğlu debuterte for Tyrkia sitt A-landslag 7. oktober 2006 i ein kamp mot Ungarn. Han var med i Tyrkia sin tropp til fotball-EM i 2008 der Tyrkia kom til semifinalen. Han spelte der to kampar frå start og to som innbytar.