Sabrina Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sabrina Coast is located in Antarktis
Sabrina Coast (Antarktis)
MODIS-bilete av Knox, Budd og Sabrina Coast.

Sabrina Coast (67°20′S 119°0′EKoordinatar: 67°20′S 119°0′E) er den delen av kysten av Wilkes Land i Antarktis, som ligg mellom Cape Waldron, ved 115° 33' E, og Cape Southard, ved 122° 05' E. John Balleny her lenge vore rekna som oppdagaren av dette området i mars 1839 ved kring 117 °E. US Exploring Expedition under løytnant Charles Wilkes kom til denne kysten i februar 1840 og markerte området som «Totten High Land» på kartet hans frå 1840. I 1931 observerte British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under Douglas Mawson det som såg ut som land ved denne lengdegraden ein grad lenger sør enn det som vart rapportert av Balleny og Wilkes. For å ære Balleny gav Mawson namnet kutteren «Sabrina», eit av skipa til Balleny, som forliste i eit uvêr i 95 °E i siste halvdel av mars 1839.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sabrina Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).