Sacagawea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sacagawea
Sakakawea-statue-bismarck-nd-2004.jpg
Fødd 1780-åra
Rocky Mountains
Død

12. desember 1812
Fort Lisa

Yrke oppdagar
Sacagawea på Commons
Lewis og Clark ved Three Forks

Sacagawea, òg Sakakawea og Sacajawea (kring 178820. desember 1812) var ei innfødd amerikansk kvinne av shoshonestammen som var med på Lewis og Clark-ekspedisjonen.

Charles Marion Russells måleri av Lewis og Clark med Sacagawea frå 1905.

Sacagawea vaks opp med hidatsafolket, som fanga ho som born. Ho var med som tolk og guide på utforskinga av dei vestlege delane av USA. Ho var systera til den lemhi-shoshonerske høvdingen Cameahwait, og gift med Toussaint Charbonneau, ein av medlemmane av Lewis og Clark-ekspedisjonen.

Saman med Lewis og Clark reiste Sacagawea heile vegen frå Nord-Dakota til Stillehavet i åra 1804 til 1806. Ho har vorte ein viktig del av mytane frå Lewis og Clark sine ekspedisjonar. Ho vert nytta som symbol for frigjering, verdi og sjølvstende for kvinner. Det finst ei rekkje statuar og minnesmerke vigd henne.[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Sacagawea med sonen på ei dollar-mynt

I 2000 gav United States Mint ut ein eigen mynt, sacagaweadollaren, som ein heider til Sacagawea. Mynten har eit bilete av Sacagawea og sonen hennar, Jean Baptiste Charbonneau. I 2003 vart ho innvotert i Kvinnenes æresgalleri i USA.

Oppkallingar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Fresonke, Kris and Spence, Mark David. Lewis & Clark: Legacies, Memories, and New Perspectives (engelsk). University of California Press, February 25, 2004. ISBN 978-0520238220

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Donald Jackson, Letters of the Lewis & Clark Expedition With Related Documents: 1783-1854. (University of Illinois Press, Urbana 1962).
  • Lennart Lindberg (red), Nya indianboken. Biografisk handbok (Stockholm 1990).