Safe at Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Safe at Home
Studioalbum av The International Submarine Band
Utgjeve Mars 1968
Innspelt Juli til desember 1967
Studio Western Sound (Studio B)
Sjanger Countryrock
Lengd 26:19
Selskap LHI
Produsent Suzi Jane Hokom
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]

Safe at Home er eit studioalbum frå 1968 av den amerikanske countryrockgruppa International Submarine Band, som var leia av den då ukjende, 21 år gamle Gram Parsons. Det var det einaste albumet gruppa gav ut og inneheld fire originale songar av Parsons, i tillegg til seks coversongar av klassiske country- og rock and roll-songar gjort kjende av artistar som Johnny Cash, Elvis Presley, Merle Haggard og Hank Snow.[2] Det vart skildra som «like mykje hippie som hillbilly»,[2] og var med å forme den gryande countryrock-rørsla i slutten av 1960- og tidleg i 1970-åra.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av Safe at Home byrja i juli 1967 for Lee Hazlewood sitt LHI Records, med ei gruppe som offisielt då berre bestod av Parsons og sologitaristen John Nuese. Det vart nytta studiomusikarar for resten av innspelinga: trommeslagaren Jon Corneal, bassisten Joe Osborn, pedalsteelgitaristen Jay Dee Maness og pianisten Earl «Les» Ball. Kjærasten til Hazlewood, Suzi Jane Hokom, vart sett til å produsere albumet. Corneal, som var ein barndomsven av Parsons, vart sidan fulltidsmedlem av bandet. Under desse innspelingane vart dei originale Parsons-songane «Blue Eyes» og «Luxury Liner» spelte inn, og kort tid etter gjevne ut på singel. I tillegg til gitaristen Bob Buchanan og bassisten Chris Ethridge, heldt gruppa konsertar langs vestkysten dei neste månadane. Ethridge og Parsons spelte ofte i lag dei neste åra, og begge var med i både The Flying Burrito Brothers og The Fallen Angels.

Fire månadar seinare, med ei besetning som bestod av Parsons, Nuese, Corneal og Buchanan (i tillegg til Ball, Maness og Ethridge) gjekk gruppa attende i studio og spelte inn to nye Parsons-songar, «Strong Boy» og «Do You Know How It Feels To Be Lonesome» i lag med sju coverversjonar, der seks av dei enda opp på albumet. Tidleg i desember var albumet ferdig og var meint å kome ut seint i januar eller tidleg i februar 1968.

I mellomtida slutta derimot Parsons i gruppa etter å ha fått tilbod om å bli med i The Byrds, og Safe at Home vart lagt på vent. I følgje Corneal vart Parsons så opphengt i den nye rolla si i The Byrds at han heilt gløymte Safe at Home då utgjevinga nærma seg. Corneal sa «Eg trur ikkje han ville sjå seg bakover, men berre halde fram i den retninga han ønskte å gå».

Etter fleire månader med juridisk krangling, og utan at gruppa klarte å finne ein erstattar for Parsons, vart albumet til slutt gjeve ut. Hazelwood såg ikkje noko poeng i å bruke pengar på å marknadsføre eit album for eit band som ikkje eksisterte lenger,[3] Safe at Home fekk særs god omtale av folk som Glen Campbell, Merle Haggard og Don Everly. Hokom sa «Albumet forsvann» og sa vidare at Hazlewood var først og fremst ein musikar og ikkje ein forretningsmann, og kan ha gjort feil då han ikkje marknadsførte albumet.[3]

Som ein del av rettsoppgjeret etter den brå avslutninga til Parsons frå The International Submarine Band, måtte The Byrds fjerne mykje av vokalen til Parsons frå albumet Sweetheart of the Rodeo i 1968. Solovokalen vart erstatta av Roger McGuinn. Parsons vart oppgitt over denne avgjersla og då Sweetheart of the Rodeo kom ut i august 1968, hadde Parsons alt gått vidare til å skipe The Flying Burrito Brothers.

Medan ein sette saman materiale for ei Parsons-samleplate i 2001, vart det tapte sporet «Knee Deep in the Blues» (opphavleg ein singel av Marty Robbins i 1957)[2] frå Safe at Home-innspelingane oppdaga på ny og gjeve ut på samlinga.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar av Safe at Home har vore blanda, men generelt positive. Då det kom ut i 1968 skreiv kritikaren Robert Christgau at han var positivt overraska over at «fire, smilande langhåra karar» kunne spele country så bra, og refererte til albumet som «ei bra plate og strålande utført.»[4] Det framtidige Byrds- og Flying Burrito Brothers-medlemmet Chris Hillman kalla albumet «eit slags lo no. Det er ein lettvektar. Gram hadde ikkje heilt utvikla seg til den sjelfulle karen han kom til å bli.» Hit Parader gav albumet god omtale for å ha våge seg på country, eit område som dei fleste moderne gruppene i Amerika ikkje rørte i slutten av 1960-åra.[3]

Journalisten Pete Johnson i Los Angeles Times skildra albumet som autentisk og la merke til «ein vitalitet som ein ikkje alltid finn hos tradisjonelle countryartistar». Rockskribenten John Einarson skreiv i boka Hot Burritos: The True Story of The Flying Burrito Brothers i 2008 at albumet «ikkje eigentleg var den banebrytande countryrock-klassikaren det ofte vert hevda å vere», men merka seg at bandet tilnærma seg prosjektet på ein oppriktig måte som bevarte anda frå country.[3]

«Blue Eyes», opningssporet på albumet, vart spelt inn i 1993 av den amerikanske alternative countrypionerenUncle Tupelo. Han kom ut på Conmemorativo: A Tribute to Gram Parsons. Parsons sjølv spelte inn «Do You Know How It Feels to Be Lonesome» (forkorta til «Do You Know How It Feels») i lag med The Flying Burrito Brothers i 1969 på albumet The Gilded Palace of Sin.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Blue Eyes»Gram Parsons2:50
2.«I Must Be Somebody Else You've Known»Merle Haggard2:18
3.«A Satisfied Mind»Joe Hayes, Jack Rhodes2:31
4.«Medley: Folsom Prison Blues/That's All Right, Mama»Johnny Cash, Arthur Crudup4:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Miller's Cave»Jack Clement2:49
6.«I Still Miss Someone»Johnny Cash, Roy Cash jr.2:47
7.«Luxury Liner»Gram Parsons2:55
8.«Strong Boy»Gram Parsons2:04
9.«Do You Know How It Feels to Be Lonesome»Gram Parsons, Barry Goldberg3:36
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Knee Deep in the Blues»Melvin Endsley1:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Safe at HomeAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 «Archived copy». Arkivert frå originalen 2013-10-17. Henta 7. oktober 2020.  International Submarine Band Safe At Home (Sundazed (vinyl only))
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Einarson, John (1. oktober 2008). Hot Burritos: The True Story of The Flying Burrito Brothers (på engelsk). Jawbone Press. s. 71. ISBN 9781906002992. The International Submarine Band safe at home review. 
  4. «Robert Christgau: Columns: November 1968». www.robertchristgau.com. Henta 7. oktober 2020.