Safia Abdi Haase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safia Abdi Haase
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1959 (64 år)
Mogadishu
Yrke sjukepleiar, politikar

Safia Abdi Haase (fødd 5. mai 1959) er ein norsk-somalisk sjukepleiar som er kjend for arbeidet sitt mot kjønnslemlesting. Kongen utnemnde i 2014 Haase til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for arbeidet sitt til beste for levevilkåra til kvinner og barn.

Haase kom til Noreg frå Somalia som kvoteflyktning i 1992, som aleinemor med tre døtrer og utan utdanning. Ho har mellom mykje anna vore med på å utforma Regjeringa sin Handlingsplan mot kjønnslemlestelse, og har sete i det nasjonale utvalet KIM som arbeider med strategiar for å kjempa mot rasisme og fremje aksept og forståing mellom kulturar.

I 2002 kom dokumentarfilmen Safia og døtrene hennar.

Ho fekk i 2011 ein pris frå Unni og Jon Dørsjøs minnefond for det kontaktskapande arbeidet sitt mellom somaliarar og nordmenn, og for at ho er ein viktig rollemodell for innvandrarkvinner i Noreg.[1]

I 2007 fekk Safia Abdi Haase Blanche Majors Forsoningspris for engasjementet sitt for pluralisme og inkluderande politikk.[2] Ho har sett fokus på ukultur både i norsk offentleg forvaltning og i ulike innvandringsmiljø. Prisen blir delt ut av Aktive Fredsreiser kvart år og går til personar eller organisasjonar som på ulike plan engasjerer seg i forsoning og forsoningsprosesser. Prisen peikar på viktigheita av forsoningsarbeidet som eit ledd i fredsskapande arbeid, særleg i forhold til partar som er, eller har vore, i konflikt.

I 2014 vart ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 2016 mottok ho Amnestyprisen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tente på omskjæring - får pris», artikkel fra Aftenposten, 19. oktober 2011
  2. «Blanche Majors Forsoning», fra nettsidene til Aktive Fredsreiser
  3. «Safia Abdi Haase får Amnestyprisen». Amnesty International Norge. 1. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]