Safiya Zaghlul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safiya Zaghlul
صفية زغلول, Ṣafīyah Zaghlūl
HudaShaarawi&SafiaZaghlul.jpg
FøddSafiya Fahmy
1876
Kairo
Død12. januar 1946 (69 år)
Statsborgar avEgypt
Yrkepolitikar
FarMustafa Fahmi Pasha
EktefelleSaʾd Zaġlul
Safiya Zaghlul.
Mausoléet til Safiya og Saad Zaghlul i Kairo.

Safiya Zaghlul (187612. januar 1946)[1] var ein egyptisk politikar. Ho var gift med Saad Zaghlul, som var president av Egypt i 1924.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Zaghlul kom frå ein familie med tyrkiske røter.[2][1] Ho var dotter av Mustafa Fahmi Pasha, som var den sjuande statsministeren i Egypt.[3]

Då ektemannen hennar vart forvist til Seychellane i 1919,[4] vart Zaghlul ein leiande politisk aktivist og leiarskikkelse innan Wafd-partiet. Bustaden hennar vart eit samlingspunkt for partiet, og ho organiserte og leia ein demonstrasjon med 500 kvinner i protest mot forvisinga av ektemannen hennar. Ho vart kjend som mor til Egypt (Umm al-Misriyyin).

Zaghlul etterfølgde seinare ektemannen til den internasjonale konferansen om Egypt i Paris.

I 1924 vart ektemannen vald til statsministar. Etter at han døydde i 1927 var Zaghlul sentral då partiet skulle velje ny partileiar og fungerte som rådgjevar for denne. Etter at partiet vart splitta i 1937 avslutta ho den politiske verksemda si.

Ho var også leiar for kvinnegruppa til Wafd-partiet.[5]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fina Gued Vidal: Safia Zagloul. R. Schindler, Kairo 1946

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ahmed Zaki Osman: Women's movement: A look back, and forward Egypt Independent, 8. mars 2012
  2. House of the Nation, Al-Ahram, 27. februar 2003
  3. Doss, Madiha; Helmi, Laila (2013). Nowaira, Amira; El Kholy, Azza; Ennaji, Moha, red. Des femmes écrivent l'Afrique: L'Afrique du Nord (på fransk). Karthala Editions. s. 434. ISBN 978-2-8111-0731-4. 
  4. «This day in history: Mother of Egyptians Safeya Zaghloul dies in 1946 - Egypt Independent». Egypt Independent (på engelsk). 12. januar 2014. Henta 15. november 2017. 
  5. «Women in power». Women leaders guide. Henta 11. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Safiya Zaghlul