Sagån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sagån
elv
Nykvarn Sagån.jpg
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Nedslagsfelt 857 km²
Lengd 70 km
Kjelde Storljusen
Munning Mälaren

Sagån
59°34′23″ N 16°54′40″ E
Wikimedia Commons: Sagån

Sagån er ei elv i Västmanland, med ei lengd på 70 km inkludert kjeldeelva.[1] Som kjelde reknar ein Storljusen i Sala kommun. Elva renn gjennom innsjøane Silvköparen og Långforsen, passerer Sala før ho munnar ut i Mälaren ein stad mellom Västerås og Enköping.

Elva utgjer over fleire mil ei grense mellom Västmanlands og Uppsala län, og langs ei enno lengre strekning grensa mellom landskapa Västmanland og Uppland. Elva inngår i Norrströms nedslagsfelt.

Fram til den siste istida strømma den mektige Dalälven her. Då isen smelta, vart elveløpet sperra like sør for det noverande Avesta, og Dalälven rann i staden nordaustover til den noverande elvemunningen i Bottenhavet. Tilbake i det gamle elveløpet var den vesle Sagån.[2][3]

Blant det sjeldnare dyrelivet ein finn i elva, er fisken asp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vattendragsregister (SMHI)
  2. «Områdets geologi». Nedre Dalälven Intresseförening. Henta 7. august 2019. 
  3. «Statens offentliga utredningar, SOU 1994:59». Henta 7. august 2019.