Sahnaya
| Sahnaya | |||
| صحنايا | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
| Distrikt | Darayya-distriktet | ||
| Nahiyah | Sahnaya | ||
| Koordinatar | 33°25′27″N 36°13′28″E / 33.42417°N 36.22444°E | ||
| Folketal | 13 993 (2004)[1] | ||
| Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Sahnaya 33°25′27″N 36°13′28″E / 33.42416667°N 36.22444444°E | |||
Sahnaya (arabisk صحنايا, òg skrive Sihnaya) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, sørvest for Damaskus i det vestlege Ghouta. Av stader i nærleiken finn ein Ashrafiyat Sahnaya, Darayya, Muadamiyat al-Sham, Judaydat Artuz, Khan Danun og Al-Kiswah. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Sahnaya eit folketal på 13 993 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Sahnaya nahiyah som består av to småbyar med eit samla folketal på 44 512.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i Sahnaya er hovudsakleg drusarar og gresk-ortodokse. St. Paulusgrotta nær byen er visstnok gøymestaden til apostelen Paulus då han vart forfølgd i Damaskus.[2]
Geografi og folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Sahnaya ligg i eit landleg område og har eit varmt klima. Dei fleste husa er enkle, hovudsakleg laga av stein. Fordi han ligg ved Damaskus, ein av dei eldste byane i verda, har byen eit ganske slite og spartansk utsjånad. Innbyggjarane er hovudsakleg muslimar, men her finst òg nokre kyrkjer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
- ↑ Burckhard, 1822, s. 48.
- Denne artikkelen bygger på «Sahnaya» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Burckhard, Johann Ludwig (1822). Travels i Syria and the Holy Land.


