Said ibn Sultan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Said ibn Sultan
Said bin Sultan.jpg
Fødd5. juni 1791
FødestadMuscat
Død19. oktober 1856
DødsstadMuscat
GravstadZanzibar
FøregangarSultan bin Ahmad
EtterfølgjarThuwayni ibn Said
DynastiAl-Mabsut
FarSultan bin Ahmad
BornMajid bin Said av Zanzibar, Sayyid Barghash ibn Said, Khalifah bin Said av Zanzibar, Thuwayni ibn Said, Turki ibn Said, Emily Ruete, Ali bin Said av Zanzibar

Said ibn Sultan al Bu Said (fødd 1790 i Sumail, daud 19. oktober 1856) var sultan av Oman frå 20. november 1804, då han etterfølgde Sultan bin Ahmad, til 4. juni 1856, då sonen hans Thuwayni ibn Said tok over trona. Av dei 24 sønene hans blei fire sultanar av Zanzibar, og to sultanar av Oman. Han er også kjend som Løva av Oman (Asaad al Uman), og ein av dei største sultanane landet har hatt.[1] Han flytta hovudstaden til Zanzibar, og herska på den tida då det omanske riket var på sitt rikaste og mektigaste.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicolini, Beatrice (1999). Saiyid bin Sultan al Bu Saidi of Oman and his relationship with Europe. Aram. s. 159–161. 
  2. Lorimer, John Gordon (1915). Gazetter of the Persian Gulf Vol 1. Bombay: British Government. s. 437–440. 
  3. «Saʿīd ibn Sulṭān | ruler of Muscat, Oman, and Zanzibar». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 30. oktober 2021.