Saidnaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°41′45″N 36°22′39″E
Saidnaya
صيدنايا, Sardenay, Saidenaya
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Al-Tall-distriktet
Høgd 1 500 moh.
Koordinatar 33°41′45″N 36°22′39″E
Tidssone +2
Retningsnummer 11
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Saidnaya
Saidnaya

Saidnaya (òg skrive Saydnaya eller Sednaya, arabisk صيدنايا) er ein by i fjella, 1500 meter over havet, som ligg 27 km nord for byen Damaskus i Syria. Sjølv om namnet er ortografisk litt forskjellig på arabisk, er stavinga nesten lik den arameiske ortografien for namnet på «Vår frue» og refererer nesten heilt sikkert til Jomfru Maria. Eit kjend ikon av Jomfru Maria står i hovudkyrkja i byen og vert høgt akta av både kristne og muslimar i byen. Byen er kjend for dei mange (nyvestleg) arameisktalande, og er i lag med den nærliggande Maaloula og nokre få mindre byar i nærleiken dei einaste i verda. Det greske namnet på denne regionen, som ligg kring Baradadalen, var Abilene. I følgje ei lokal segn var der her grava til Abel, som drap bror sin Kain, ligg. Forskarar reknar med at det var Saidnaya som var senteret i Abilene.[1][2]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Byen har lenge vore eit senter for kristne pilegrimar frå heile verda, som kjem til Saidnaya for å fornye trua si og for læking.[2] Nonneklosteret Vår frue av Saidnaya er kjend for den sterke trua si og skal i følgje ei segn ha vorte bygd av den bysantinske keisaren Justinianus I av Austromarriket i 547 evt., etter at han fekk to syn om Jomfru Maria, eit som indikerte kvar han skulle byggje kyrkja, og den andre korleis ho skulle sjå ut.[2] Justinianus I av Austromarriket tileigna kyrkja til feiringa av Maria fødsel, og kvart år sidan den gong, den 8. september, har både muslimar og kristne pilegrimar kome her for å feire Vår frue av Saidnaya.[2][3] I klosteret finst òg eit ikon av Mora og barnet, kalla Shaghurah som visstnok skal ha blitt måla av evangelisten Lukas, og som er trudd å skulle kunne verne eigarane i farlige tider.[2]

På grunn av den verna plasseringa i fjella, har Saidnaya hatt religiøs fred gjennom heile historia, sjølv under krigsperiodar som krosstoga.[2] Lokale muslimar vitjar klosteret for fredagsbøna og tar del i segnene kring denne heilage staden.[2] Det har vore fleire forteljingar om mirakel, og somme av dei har vorte nedskrivne av dei som har opplevd dei gjennom historia.[4]

Mange andre katolikkar, austleg-ortodokse, syrisk katolikkar og syrisk-ortodokse kyrkjer og kloster er bygde i Saidnaya gjennom historia. På toppen av det høgaste fjellet i Saidnaya ligg Cherubim kloster på 2000 meter over havet, med utsikt over den frodige sletta Damaskus ligg på og fjella i Libanon. Mar Thomas kloster og eit par massive, nyare kloster som St. Thomas romersk-katolske kloster, St. Estphariuos ortodokse kloster og St. Ephram kloster ligg her òg.

Vêret er kaldt og snørikt om vinteren, og varmt med frisk luft om sommaren. Spor av grotter og antikke stader i og kring Saydnaya indikerer at han har vore busett av forskjellige sivilisasjonar frå tidleg i steinalderen, med lekamar frå aramearane, grekarane, syrarane, romarane og arabarane.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saidnaya har eksistert sidan oldtida, sidan minst 500-talet fvt., då han vart kjend med det arameiske namnetDanaba.[5] Han vart eit viktig senter for kristendom, lenge før kristendomen vart den offisielle religionen i Romarriket.[5] Macarius, den første biskopen av Aleppo og seinare partiarken Antiokia, lista Saidnaya i eit arabisk manuskript frå 1600-talet som ein av sju antikke bispesete under Damaskus, dei same byane som var representerte ved konsilet i Nikea i 325 evt.[6][7]

Ikonet av den heilage Jomfrua[endre | endre wikiteksten]

Vår frue av Saidnaya kloster.

Seint på 700-talet var ei viss ærverdig Marina abbedisse ved klosteret, og ho vart høgt akta for det fromme livet sitt. Det skjedde at ein eremittmunk, ein gresk pilegrim frå Egypt kalla Theodor, stoppa ved klosteret på veg til Det heilage landet. Då han drog der frå, bad Marina han om å kjøpe eit verdifullt og fint ikon av Jomfru Maria i Jerusalem. Medan han var i Jerusalem gløymte han heilt oppgåva han hadde fått og starta på heimreisa. Han hadde ikkje kome langt frå byen då han vart bråstoppa av ei ukjend stemme: «Har du ikkje gløymt noko i Jerusalem? Kva har du gjort med bestillinga til abbedisse Marina?» Theodor reiste med ein gong attende til Jerusalem og fann eit ikon av Theotokos. På veg attende til klosteret vart han forbløffa over mirakla som skjedde via ikonet. Han og heile karavanen hans vart angripen av røvarar, og så angripen av ville dyr. Begge gangane bad munken Jomfru Maria om hjelp med han heldt ikonet hennar, og han og heile karavanen vart redda frå farane.

Då Theodor kom attende til klosteret, førte desse hendingane til at han vart freista til å halde ikonet for seg sjølv,, og valte å ikkje dra til Saidnaya og segle attende til Egypt. Men han klarte ikkje å segle attende, for først oppstod det ein kraftig storm, og det verka sikkert at skipet kom til å forlise. Han fekk dårleg samvit og forlet raskt skipet og reiste attende til Saidnaya. Etter fire dagar i klosteret, fekk han igjen eit sterkt ønske om å behalde ikonet for seg sjølv. Han årsaka seg for abbedissa og lata som om han ikkje hadde funne ikonet, og drog så i det stille frå klosteret. Morgonen etter, i det han var i ferd med å starte heimreisa og nådde klosterporten, oppdaga han at ei usynleg kraft sperra vegen for han, det var som om ein murvegg stod der porten skulle ha vore. Etter mange nyttelause forsøk, vart han tvungen til å gje abbedissa ikonet, og innrømme kva han hadde tenkt til. Med tårer av takksemd lovprisa ho Herren og Jomfru Maria. I dag vert det heilage ikonet vitja av pilegrimar som søkjer velsigning frå Jomfru Maria for lækjande mirakel. Det er merkverdig at òg syriske muslimar ofte vitjar og bed føre ikonet[8]

Bygginga av klosteret[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei segn skal keisar Justinianus I av Austromarriket kome til denne ørkenen medan han kryssa Syria med soldatane sine, anten på veg til Det heilage landet eller mot persarane. Armeen slo leir her og leid etter kort tid av tørste på grunn av mangel på vatn. Då dei var i ferd med å gje opp håpet, såg keisaren ein gasell langt borte. Han jaga dyret til det vart trøytt og stoppa ved ein knaus og drakk frå ei kjelde med ferskt vatn, men utan at han gav keisaren høve til å skyte det. Brått vart det omvandla til eit ikon av Theotokos, som skein med eit skarpt lys. Ei kvit hand strekte seg fram frå det og ei stemme sa, «Nei, du skal ikkje drepe meg, Justinianus av Austromarriket, men du skal bygge ei kyrkje for meg her på denne åsen.» Då han kom attende, fortalte Justinianus om synet han hadde fått og gav mennene ordre om å teikne ein plan for den planlagde kyrkja. Etter ei stund klarte ikkje arkitektane å kome fram til ein god plan, og Jomfru Maria - gasellen - synte seg att for Justinianus i ein draum og synte han ein storslått plan for klosteret, som ho skulle vere vernar for. Det er sagt at grunnstrukturen i klosteret framleis følgjer denne planen i dag. Klosteret vart raskt så kjend at berre Jerusalem vart ein viktigare pilegrimsstad, og nonner frå alle hjørne av Syria, Egypt og andre land kom til klosteret.

Krossfarartida[endre | endre wikiteksten]

Magister Thietmar, ein tysk historieforfattar, skreiv om pilegrimsreisa si til Saidnaya, og nytta fire sider til å skildre ikonet av Jomfru Maria og barnet i klosteret. Han skildra opphavet til soga bak ikonet og dei spesielle eigenskapane, og korleis heilag olje frå brystene til Jomfru Marka vart trudd å vere ei mirakuløs olje som kan lækje sjuke.[9] I september 1240, etter Thibaut de Champagne skreiv ein avtale med sultanen av Egypt, drog Benedikt av Alignan på pilegrimsreise til St. Maria av Saidnaya med løyve frå sultanen. Reisa vart sett på som eit bevis for kor viktig Saidnaya var for kristne pilegrimar på 1200-talet og at kristne kunne reise relativt trygt i muslimske område på denne tida.[10]

Krøniker frå 1200-talet skriv òg at Tempelriddarane drog til fjellklosteret i Saidnaya for å samle heilag olje for tempelarordenkyrkjer i Europa.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Saidnaya» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2014.
  • Folda, Jaroslav (2005), Crusader Art in the Holy Land: From the Third Crusade to the Fall of Acre, 1187-1291, Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-83583-1 
  • Garrett, Paul D.; Purpura, Kathleen A. (2007), Frank Maria: A Search for Justice and Peace in the Middle Aust, AuthorHouse, ISBN 978-1-4343-0000-3 
  • Mannheim, Ivan (2001), Syria & Lebanon Handbook: The Travel Guide, Footprint Travel Guides, ISBN 978-1-900949-90-3 
  • Nicolle, David; Turner, Graham; Hook, Christa (2005), Acre 1291: Bloody Sunset of the Crusader States, Osprey Publishing, ISBN 978-1-84176-862-5 
  • Pitard, Wayne Thomas (1987), Ancient Damascus: A Historical Study of the Syrian City-State from Earliest Times Until Its Fall to the Assyrians in 732 fvt.E, EISENBRAUNS, ISBN 978-0-931464-29-4 
  • Porter, Josias Leslie (1855), Five Years in Damascus: Including an Account of the History, Topography, and Antiquities of that City, J. Murray 
  • Pringle, Denys (1993), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A Corpus, Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-39037-8 
  • Waddy, Charis (1980), Women in Muslim History, Longman, ISBN 978-0-582-78084-2 
  • Vasilakē, Maria (2005), Images of the Mother of God: Perceptions of the Theotokos in Byzantium, Ashgate Publishing, Ltd., ISBN 978-0-7546-3603-8 
  1. Vasilakē, 2005, s. 278.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Garrett, 2007, s. 2-4.
  3. Mannheim, 2001, s. 138.
  4. Pringle, 1993, s. 219-220.
  5. 5,0 5,1 5,2 Mannheim, 2001, s. 136-137.
  6. Pitard, 1987, s. 150.
  7. Porter, 1855, s. 107.
  8. Belt, Don (June 2009), «The Forgotten Faithful», National Geographic 215 (6): 93. 
  9. Folda, 2005, s. 122.
  10. Folda, 2005, s. 176.
  11. Nicolle, 2005, s. 8.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]