Saidnayafengselet
| Saidnayafengselet | |||
| | |||
| Stad | Saidnaya, Damaskus | ||
|---|---|---|---|
![]() Saidnayafengselet 33°39′54″N 36°19′43″E / 33.665°N 36.328611111111°E | |||
Saidnayafengselet (arabisk سجن صيدنايا, Siijn Ṣaydnāyā) var eit militært fengsel og ein dødsleir som låg vest for byen Saidnaya i Syria, 30 kilometer nord for Damaskus. Under den syriske borgarkrigen blei eit estimert tal på rundt 30 000 personar torturerte og avretta i fengselet. Amnesty International karakteriserte dette som ein «utryddingspolitikk».
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Arbeidet med å byggja Saidnayafengselet tok til i 1978, då syriske styresmakter konfiskerte land frå lokale grunneigarar og gav det til forsvarsdepartementet for å byggja eit fengsel. Bygginga starta i 1981 og var fullført i 1986. Dei fyrste fangane kom i 1987.[1]
I juli 2008 braut det ut uro i fengselet som enda med ein massakre av ni fangar.[2][3]
Saidnayafengselet var det største fengselet i Syria, men ikkje det einaste av sin type og formål. Menneskerettsorganisasjonar identifiserte over 27 fengsel og interneringssenter rundt om i landet drivne av Assad-regimet, der internerte rutinemessig blei torturerte og drepne.[4] Ein syrisk avhoppar, kjend under løyndenamnet Caesar, smugla ut tusenvis av fotografi han hadde teke i desse fengsla som viste lika til dei som hadde vorte torturerte og drepe. Bileta blei lagt fram offentleg i 2020.[5]
Før Assad-regimet fall i desember 2024 blei det halde om lag 14 000 fangar i Saidnayafengselet. I februar 2017 gav ut Amnesty International ein rapport som sa: at mellom 5.000 og 13.000 menneske blei avretta utanomrettsleg i Saydnaya mellom september 2011 og desember 2015.[6] 15. mai 2017 gjentok det amerikanske utanriksdepartementet skuldinga om 50 hemmelege personavrettingar om dagen, skjult ved etterfølgjande kremering på staden.[7][8]
I kjølvatnet av ein offensiv frå syriske opposisjonsgrupper leidde av Haiʾat Tahrir al-Sham frå slutten av november 2024 og den raske kollapsen til Assadregimet i desember, blei fengselet overteke av regimemotstandarar natt til 7. til 8 desember. Då blei fangane lauslatne,[9][10][11][12] fleire av dei kvinner og barn, mellom anna spedbarn.[13][14]
Blant dei som blei frigjevne i desember var fangar som hadde vore fengsla i fleire tiår. Den påstått lengstsitjande fangen, ein syrisk flyvåpenpilot som i ein alder av 26 år nekta ordre om å bomba sivile område i Hama i 1980, sat etter seiande fengsla i 43 år.[15]
Kjende fangar
[endre | endre wikiteksten]- Zahran Alloush (1971–2015), leiar for den islamistiske syriske opprørsgruppa Jaysh al-Islam
- Hassan Abboud (d. 2014), syrisk motstandskjempar frå Ahrar al-Sham
- Abū Muhammad al-ʿAdnānī (1977–2016), talsmann for terrororganisasjonen Den islamske staten
- Haitham al-Malih, syrisk menneskerettsaktivist
- Omar Alshogre, syrisk menneskerettsaktivist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «'Death camp': the haunting history of Syria's Sednaya prison». france24.com (på engelsk). 2024-12-09. Henta 2024-12-09.
- ↑ «Syria: Investigate Sednaya Prison Deaths». Human Rights Watch. 2008. Arkivert frå originalen den 21. september 2015.
- ↑ «Sednaya Prison Massacre». The Syrian Human Rights Committee. 2009. Arkivert frå originalen den 22. februar 2017.
- ↑ «Thousands who protested peacefully languish in Syrian jails: HRW». Reuters. 3. oktober 2013. Henta 9. desember 2024.
- ↑ Miller, Greg (28. juli 2014). «In D.C., Syrian defector displays photos of mutilated bodies». The Washington Post. Arkivert frå originalen 6. oktober 2020. Henta 9. desember 2024.
- ↑ «Document» (på engelsk). Henta 2017-02-07.
- ↑ «US accuses Syria of mass executions and burning bodies in crematorium». Times of Israel. 2017-05-15.
- ↑ «On-the-Record-Briefing: Acting Assistant Secretary for Near Eastern Affairs Stuart Jones on Syria». State Department website. 2017-05-15. Arkivert frå originalen 2017-05-16. Henta 2017-05-16.
- ↑ Syrien: Die Insassen von Assads Foltergefängnissen sind frei - Politik - SZ.de, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.
- ↑ «Syria Live Updates: Rebels Say They Have Entered Damascus». nytimes.com (på engelsk). 08.12.2024. Henta 08.12.2024.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=og|dato=(hjelp) - ↑ Syrien: Rebellen nehmen Foltergefängnis Saidnaja ein, t-online, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.
- ↑ Footage shows people emerging from Assad's notorious prisons, BBC, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.
- ↑ Syrien: Rebellen nehmen Foltergefängnis Saidnaja ein, t-online, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.
- ↑ Footage shows people emerging from Assad's notorious prisons, BBC, 8. desember 2024, lest 9. desember 2024.
- ↑ Mohannad al-Najjar; Anna-Sophie Schneider (2024-12-09). «Syrien: Das Grauen von Assads »Schlachthaus«». Der Spiegel. ISSN 2195-1349. Henta 2024-12-09.
- Denne artikkelen bygger på «Saidnayafengselet» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2025.
