Sailing av Sutherland Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sailing
Singel av The Sutherland Bros. Band
B-side «Who's Crying Now»
Utgjeve Juni 1972
Selskap Island
Låtskrivar(ar) Gavin Sutherland
Produsent Muff Winwood
The Sutherland Bros. Band-kronologi
«The Pie»
(1972)
Sailing «Lady Like You»
(1972)


«Sailing» er ein song skriven av Gavin Sutherland frå Sutherland Brothers i 1972, men mest kjend som ein internasjonal hit for Rod Stewart i 1975.

Originalinnspelinga[endre | endre wikiteksten]

Gavin Sutherland sa: «Folk flest trur songen handlar om ein ung mann som fortel jenta si at han kryssar Atlanteren for å vere med ho. Faktisk har songen ingenting med kjærleik eller skip å gjere. Det er ei soge om mennesket si andelege reise gjennom livet på veg mot fridom og oppfylling med Gud.» [1]

Songen vart skriven på strana ved Blythe Bridge,[2] og vart spelt inn av Sutherland Brothers – ein duo som bestod av Gavin og Iain Sutherland – i juni 1972. Gavin spelte basstromme og Iain pumpeorgel og dei song begge vokal.[1] Songen kom ut på singel og nådde 54. plassen i Storbritannia i juli 1972.[1] Songen kom så ut på den amerikanske utgåva av albumet Lifeboat i november 1972, men ikkje på den britiske.[1][3]

Rod Stewart-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Sailing
Singel av Rod Stewart
frå albumet Atlantic Crossing
B-side «Stone Cold Sober»
(US «All in the Name
of Rock 'N' Roll»)
Utgjeve 1975
Sjanger Softrock[4]
Lengd 4:30 (LP)
3:31 (singel)
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Gavin Sutherland
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi
«Farewell» (Storbritannia)
(1974)
«Let Me Be Your Car» (USA)
(1975)
Sailing «This Old Heart of Mine (Is Weak for You)»
(1975)
-kronologi
«In My Life»
(1986)
Sailing «Twistin' the Night Away»
(1987)


«Sailing» vart spelt inn av Rod Stewart for det første albumet han spelte inn i Nord-Amerika, Atlantic Crossing. Albumet vart spelt inn i april - juni 1975 i Muscle Shoals Sound Studio med produsenten Tom Dowd. Songen var den første singelen frå albumet og vart ein stor hit. I Storbritannia låg han fire veker på toppen av singgellista i september 1975. Singelen gjekk òg inn på lista att i 1976 og i 1987 og er den største suksessen Stewart hadde i heimlandet. «Sailing» selde derimot ikkje like mykje i USA. «Sailing» gjekk òg til topps i Irland, Nederland og Noreg, nådde andreplassen i Australia, Flandern i Belgia, Sør-Afrika og Sveits, tredjeplassen i New Zealand, fjerdeplassen i Tyskland, sjuandeplassen i Austerrike og 13. plassen i Sverige. I Noreg låg songen heile 18 veker samanhengande på førsteplassen og 29 veker totalt på Topp 10.[5]

Den første musikkvideoen til «Sailing» vart filma i Port of Dublin med Stewart og kjærasten Britt Ekland. Videoen vart sendt på Top of the Pops 28. august 1975. Ein annan musikkvideo vart filma i New York Harbor i 1978 og vart ein av dei førte musikkvideoane som vart sende på MTV den 1. august 1981.[6]

Då den britiske styrken segla ut frå Portsmouth Harbour den 5. april 1982 på den tredje dagen av Falklandskrigen, så vart Rod Stewart sin «Sailing» sendt over høgtalaranlegget på kaien.[7][8]

I 1987 gav Rod Stewart ut «Sailing» som ein veldedig singel etter Herald of Free Enterprise-ulukka utafor den flamske hamnebyen Zeebrugge,[9] og vart ein liten hit i Flandern (24. plassen), Storbritannia (41. plassen) og Irland (30. plassen).

«Sailing» vert som regel alltid spelt som siste song på konsertane til Stewart.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] 2
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[12] 1
Canada (RPM 100 Singles)[13] 58
Frankrike (SNEP)[14] 47
Tyskland (Media Control AG)[15] 4
Ireland (IRMA)[16] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[17] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[18] 1
New Zealand (RIANZ)[19] 3
Noreg (VG-lista)[20] 1
Sør-Afrika (Springbok Radio)[21] 2
Sverige (Sverigetopplistan)[22] 20
Sveits (Schweizer Hitparade)[23] 2
UK (Official Charts Company)[24] 1
US Billboard Hot 100[25] 58

Liste (1976) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[26] 7
Italia (FIMI)[27] 8
New Zealand (RIANZ)[19] 9
Sverige (Sverigetopplistan)[22] 13
UK (Official Charts Company)[24] 3
Liste (1978) Plassering
New Zealand (RIANZ)[19] 16
Liste (1987) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] 24
Irland (IRMA)[16] 30
UK (Official Charts Company)[24] 41

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Sailing» er òg blitt spelt av Joan Baez (album Blowin' Away/ 1977), Brotherhood of Man (album 20 Number One Hits/ 1980), the Nolan Sisters (album 20 Giant Hits/ 1978), Smokie, (album Uncovered Too/ 2002), Dame Vera Lynn, [28] Robin Trower (album Long Misty Days/ 1976).[29] og Roger Whittaker (album Roger Whittaker Sings the Hits/ 1978).[28] Instrumentale versjonar av «Sailing» er blitt spelt inn av London Symphony Orchestra (album Classic Rock/ 1977) og Richard Clayderman (album A Little Night Music – 12 Classic Love Songs/ 1988).[28]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Sutherland Brothers Index Page». Songsinger.info. Henta 2. juni 2018. 
  2. Sentinel, The (13. november 2015). «JOHN WOODHOUSE MEETS: singer/songwriter Iain Sutherland». Stoke Sentinel. Henta 2. juni 2018. 
  3. Phil Hardy, Dave Laing (1976). The Encyclopedia of rock, Volume 3. Panther Books. s. 264. 
  4. «Rod Stewart – Sailing sheet music». Justsheetmusic.com. Henta 2. juni 2018. 
  5. Norwegian Charts
  6. «MTV flashback: Rod Stewart's Sailing». Nippertown. 1. august 2011. 
  7. Glancey, Jonathan (2013). Harrier. London: Atlantic Books. ISBN 9781782394433. 
  8. Ward, Commander «Sharkey» (1992). Sea Harrier Over the Falklands: a maverick at war. Barnsley Yorks: Leo Cooper. s. 63. ISBN 9780850523058. 
  9. «Crew member's body recovered from ferry». Glasgow Herald (Google News). 12. mars 1987. Henta 2. juni 2018. 
  10. bulion. «Forum - ARIA Charts: Special Occasion Charts - CHART POSITIONS PRE 1989». ARIA. Australian-charts.com. Henta 2. juni 2018. 
  11. 11,0 11,1 "Ultratop.be – Rod Stewart – Sailing" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 2. juni 2018.
  12. «Sailing – ROD STEWART». VRT (på Dutch). Top30-2.radio2.be. Arkivert frå originalen 9. april 2012. Henta 2. juni 2018.  Hoogste notering in de top 30 : 1
  13. «Top Singles - Volume 24, No. 10_11_12, 13. desember 1975». Library and Archives Canada. Henta 2. juni 2018. 
  14. «InfoDisc : Tous les Titres par Artiste». Dominic DURAND / InfoDisc (på French). InfoDisc.fr. 2. juni 2018. Henta 2. juni 2018.  You have to use the index at the top of the page and search «Rod Stewart»
  15. "Rod Stewart - Sailing". Charts.de. Media Control. Henta 2. juni 2018.
  16. 16,0 16,1 «The Irish Charts – All there is to know». IRMA. Henta 2. juni 2018.  2nd and 4th results when searching «Sailing»
  17. "Nederlandse Top 40 – Rod Stewart – Sailing search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 2. juni 2018.
  18. "Dutchcharts.nl – Rod Stewart – Sailing" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 2. juni 2018.
  19. 19,0 19,1 19,2 "Charts.org.nz – Rod Stewart – Sailing". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 2. juni 2018.
  20. "Norwegiancharts.com – Rod Stewart – Sailing". VG-lista. Hung Medien. Henta 2. juni 2018.
  21. «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 - 1989 Acts (S)». Rock.co.za. John Samson. Henta 2. juni 2018. 
  22. 22,0 22,1 "Swedishcharts.com – Rod Stewart – Sailing". Topp 60. Hung Medien. Henta 2. juni 2018.
  23. "Rod Stewart – Sailing – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 2. juni 2018.
  24. 24,0 24,1 24,2 «Rod Stewart». Official Charts Company. Henta 2. juni 2018. 
  25. «Atlantic Crossing awards at Allmusic». AllMusic. Henta 2. juni 2018. 
  26. "Rod Stewart – Sailing – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 2. juni 2018.
  27. «Indice per Interprete: S». HitParadeItalia (på Italian). Creative Commons. Henta 2. juni 2018. 
  28. 28,0 28,1 28,2 «Cover versions of Sailing skriven av Gavin Sutherland». SecondHandSongs.com. Henta 2. juni 2018. 
  29. Michael P. Dawson. «Long Misty Days review at Allmusic». AllMusic. Henta 2. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]