Saimaa kanal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saimaa kanal
Frå bygginga av Saimaa-kanalen.

Saimaa kanal (russisk Сайменский канал, Sajmenskij kanal; finsk Saimaan kanava) er ein kanal mellom innsjøen Saimaa og Finskebukta. Kanalen opna i 1856, og vart bygd mellom byane Villmanstrand og Viborg, begge den gong ein del av det autonome Storhertugdøme Finland i Russland.

I Freden i Moskva 1940 vart Det kareliske neset og byen Viborg ein del av Sovjetunionen, og kanalen vart dermed delt i to og all trafikk i kanalen vart lagt ned.

Ein avtale i 1963 bygsla den russiske delen av av kanlen og øya Malyj Vysotskij (Ravansaari) til Finland for femti år. Ein ny og djupare kanal vart bygd av finnane og opna for trafikk i 1968. Lengda på denne kanalen er 42,9 km.

Via kanalen kan ein via vassvegane og kanalane nå 120 innsjøar i det sørlege Finland. Lengda på djupe kanalar i Saimaa er 814 km. Dimensjonane på slusene i kanalen og vassvegane er ei lengd på 85 meter og ei breidd på 13,2 m.

Det er gjort forhandlingar mellom Finland og Russland om å forlenge leigeavtalen etter 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]