Saint-Clair-sur-Epte-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Saint-Clair-sur-Epte-traktaten var ein avtale frå hausten 911 mellom kongen av Frankarriket, Karl den einfaldige (898-922), og vikingleiaren Rollo. Føremålet med traktaten var å samla og halda mennene frå nord, «normannarane», på delar av området Neustria og ut mot kysten, og å verna kongeriket til Karl frå nye invasjonar.[1]

Ingen dokument frå traktaten har overlevd som vitnar om danninga av hertugdømet Normandie, men hendinga vert sett på som eit historisk faktum. Rollo var truleg nordmannen Gange-Rolv, Rolv Ragnvaldsson (ca. 860-932). Han var son av Ragnvald Mørejarl, kjent som jarlen som klipte Harald Hårfagre etter at Noreg var samla til eitt rike.

I tillegg til tildelinga av land var det eit krav om Rollo skulle døypast og gifta seg med Gisla, kong Karl si dotter utanfor ekteskap, og verta vasallen til kongen. Det siste punktet vart komplisert då Rollo nekta å knela for kongen og kyssa føtene hans. Det vart diskutert og ein kom fram til eit slags kompromiss: Rollo greip føtene til kongen, men utan å knela. Han var så høg at då han løfta armen mista kongen balansen og fall bakover.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Francois Neveux. A Brief History of The Normans. Constable and Robinson Ltd. 2006; p. 62.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]