Saint-Maur-des-Fossés

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saint-Maur-des-Fossés
Horisonten til Saint-Maur-des-Fossés
Horisonten til Saint-Maur-des-Fossés
Byvåpenet til Saint-Maur-des-Fossés
Byvåpenet til Saint-Maur-des-Fossés
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Val-de-Marne
Geografi
Flatevidd 11,25 km²
Flatevidd
 - By

11,25 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

75 400
  6 702/km²
Koordinatar 48°4′52″N 02°30′11″EKoordinatar: 48°4′52″N 02°30′11″E
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.saint-maur.com

Saint-Maur-des-Fossés er ein kommune og by i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 11,7 km frå Paris sentrum i departementet Val-de-Marne, og har eit folketal på om lag 75 000 innbyggjarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Saint-Maur-des-Fossés har fått namnet sitt frå eit kloster som vart grunnlagd her i 638 av Dronning Nanthild, regent for son hennar Clovis II, ved ein stad kalla Fossatimellomalderlatinsk (Les Fossés på moderne fransk), som tyder «vollgraver».

Klosteret, tileigna St. Peter og St. Maria, heitte Sanctus Petrus Fossatensis på mellomalderlatinsk, som tyder «St. Peter av vollgravene». I 868 inviterte Kong Karl II munkar frå klosteret Saint-Maur de Glanfeuil (i Le Thoureil i Maine-et-Loire, vest i Frankrike), som hadde flykta frå klosteret på grunn av ein vikinginvasjon. Dei hadde med seg dei kostelege leivningane av St. Maurus.

Seinare i mellomalderen vart leivningane av St. Maurus vidkjend fordi dei visstnok kunne helbrede gikt og epilepsi, og Saint Pierre des Fossés vart ein av dei mest kjende pilegrimsstadane i Frankrike på denne tida. Til slutt, på 1200-talet, vart leivningane så populære at klosteret vart gjeve namnet Saint-Maur-des-Fossés («St. Maurus av vollgravene»).

Busetnaden som voks rundt klosteret vart derfor kalla Saint-Maur-des-Fossés.

Under den franske revolusjonen skifta namnet mellombels til Vivant-sur-Marne (som tyder «Livleg ved Marne») for å syne avvisinga av religion.

Etter den franske revolusjonen vart det offisielle namnet på kommunen berre Saint-Maur, men i 1897 vart «des-Fossés» lagt til igjen, sannsynlegvis av historiske årsaker og for å skilje han frå andre byar i Frankrike med namnet Saint-Maur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]