Saint-Prex
Utsjånad
| Saint-Prex | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | Vaud | ||
| Distrikt | Morges | ||
| Språk | fransk | ||
| Borgarmeister | Daniel MosiniSt-Preyards | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
5,49 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
5 139 936,1 /km² | ||
| Koordinatar | 46°29′0″N 06°28′0″E / 46.48333°N 6.46667°E | ||
| Høgd over havet | 377 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 1162 | ||
| Nettstad: www.saint-prex.ch | |||
Saint-Prex er ein kommune i distriktet Morges i den sveitsiske kanton Vaud. Kommunen har 5 139 innbyggjarar (2010) og eit areal på 5,49 km². Kommunesenteret ligg 377 meter over havet.

Byen Saint-Prex vart grunnlagd då det vart bygt eit slott på staden i 1234. Borga (gamlebyen) dannar ei halvøy som går frå nordbreidda ut i Genfersjøen. I dei seinare år har handelen flytt seg frå gamlebyen til omkringliggjande område. Saint-Prex er anløpsstad for CGN sine dampbåtruter som går om sommaren.
I 1973 vart Saint-Prex tildelt Wakker-prisen for vernet og tilretteleggjinga av arkitekturarven.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Saint-Prex» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2010.