Hopp til innhald

Saint Andrew Parish på Jamaica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saint Andrew
fylke
Land  Jamaica
Region Surrey
Administrasjonssenter Half Way Tree
Areal 431 km²
Folketal 573 061  (2012[1])
Kart
Saint Andrew Parish
18°01′00″N 76°54′00″W / 18.016666666667°N 76.9°W / 18.016666666667; -76.9
Kart som viser Saint Andrew Parish på Jamaica.
Kart som viser Saint Andrew Parish på Jamaica.
Kart som viser Saint Andrew Parish på Jamaica.
Wikimedia Commons: Saint Andrew Parish, Jamaica

Saint Andrew er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg sørdaust på øya. Det grensar til Saint Catherine i vest, Saint Mary i nord, Portland i nordaust og Saint Thomas i aust. I sør ligg Kingston og Det karibiske havet.

Fylket er 455 km² stort og har eit folketal på 540 715.[2] Administrasjonssenteret er Half Way Tree.

Fylket er tettast folkesett i vest. Tettstaden danna av hovudstaden Kingston breier seg inn i fylket, som mellom anna omfattar bydelen Trenchtown. Andre busetnader er Half Way Tree, Cross Roads og Constant Spring. Dei viktigaste jordbruksprodukta er kaffi og grønsaker.[2]

University of the West Indies ligg i Saint Andrew Parish, rundt 11 km nordaust for Kingston. University of Technology (tidlegare College of Arts, Science and Technology) ligg også i nærleiken.[2]

  1. «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 23. september 2018.