Saint Ann Parish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saint Ann Parish
fylke
Ocho Rios.JPG
Utsyn frå Ocho Rios
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Region Middlesex
Hovudstad Saint Ann's Bay
Areal 1 212,6 km²
Folketal 173 232 (2012[1])
Saint Ann in Jamaica.svg
Wikimedia Commons: Saint Ann Parish

Saint Ann Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nord på øya. Det grenser til Saint Mary Parish i aust, Saint Catherine i søraust, Clarendon i aust og Trelawny i vest. I nord har det kyst mot Det karibiske havet.

Fylket har namn etter Anne Hyde, den første kona til kong Jakob II av England Administrasjonssenteret er hamnebyen Saint Ann's Bay. Fylket omfattar den første staden Columbus skal ha gått i land på Jamaica, Discovery Bay, og staden for første spanske busetnaden på Jamaica, Sevilla la Nueva. Andre viktige byar i fylket er Brown's Town i innlandet og Ocho Rios med hamn for cruiseskip.

Turisme er den viktigaste næringsvegen i fylket, som har mange strender, den kjende fossen Dunn's River Falls og ei rekkje hotell. Utvinning av bauxitt er ein annan viktig industri. Ein driv også jordbruk her med dyrking av allehande, annatto, banan, ingefær, kokos, kaffi og sukker.[2] St Ann Parish er også kjend som hagefylket på Jamaica.[a]

Den høgaste toppen i fylket på 762 moh. ligg i Dry Harbour-fjella. Kalksteinlandskapet er prega av ei rekkje holer og slukhol.[3]

Kjende folk frå Saint Ann[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Garden Parish

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015. 
  2. «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 5. april 2018. 
  3. «Saint Ann». Jamaica Library Services. Arkivert frå originalen 4. desember 2008. Henta 9. april 2009.