Saint Thomas Parish på Jamaica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Saint Thomas
fylke
Si no estoy mal es Jamaica??? (8203512303).jpg
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Region Surrey
Administrasjonssenter Morant Bay
Areal 742,8 km²
Folketal 94 410 (2012[1])
Saint Thomas in Jamaica.svg
Wikimedia Commons: Saint Thomas Parish, Jamaica

Saint Thomas er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg søraust på øya. Det grensar til Saint Andrew i vest og Portland i nord. I sør har det kyst mot Det karibiske havet.

Administrasjonssenteret i fylket er Morant Bay. 11 km aust for Morant Bay ligg hamnebyen Port Morant, med ei trygg djup hamn.[2] Andre større busetnader er Seaforth, Yallahs, Golden Grove, Cedar Valley, Easington, Trinityville og Bath. Sistnemnde er kjend for sine varme kjelder[2] og ein botanisk hage grunnlagd i 1779.

Det blir særleg dyrka banan, kaffi, kokosnøtt og sukker i fylket.[2]

Blue Mountains ligg ved den nordlege fylkesgrensa.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fylket var åstad for Morant Bay-opprøret i 1865. Ein leiar for opprøret, Paul Bogle, og fylkesrepresentanten i den jamaikanske lovforsamlinga George William Gordon, blei avretta saman med hundretals andre under unntakstilstanden innført av guvernøren. Paul Bogle blei erklært som ein av sju nasjonale heltar på Jamaica i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 23. september 2018.