Sajos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det samiske kultursenteret Sajos

Det samiske kultursenter Sajos er eit kultursenter og administrativt senter i Enare, som også fungerer som kongress- og arrangementslokale. Sajos sto ferdig i januar 2012 og vart offisielt opna i april 2012.[1]

Sajos inneheld administrasjon og møtelokale for det finske sametinget, Det samiske områdets utdanningssenter SOGSAKK, det samiske biblioteket og det samiske arkivet, Lapin aluehallintovirasto og fleire foreiningar.[1]

Byggherre var Senaattikiinteistöt og bygget kosta 15 millionar euro. Bygget vart teikna av arktitektkontoret HALO Arkkitehdit Oy i Uleåborg. Prosjektleiar var Janne Laukka, andre pranleggarar var Tuomas Niemelä og Milla Parkkali. Prosjektleiar for byggeprosessen var Juha Guttorm.[1]

Bygninga er på utsida mørk og på innsida lys furu. Utforminga er inspirert av samiske tradisjonar, noko konkurransevilkåra også ba om. Ordet sajos er enaresamisk og tyder støttepunkt.[1]

Prosjektet har ei lang historie. Det dåverande samiske utvalet var allereie på 1970-talet på jakt etter eit eige lokale. Saka var også oppe i 1996, då det finske sametinget vart grunnlagt. Planprosessen skaut fart i 2000 og prosjektet kom på statsbudsjettet i 2007.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Jenni Leukumavaara, Saamelaiset saivat komean kodin, HS 6.2.2012 s. C1