Sakhir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 26°1′60″N 50°31′0″E
Sakhir
الصخير
ørken
Vip-tower-f1-bahrain.jpg
VIP-tårnet på Bahrain International Circuit i Sakhir.
Land Flag of Bahrain.svg Bahrain
Koordinatar 26°1′60″N 50°31′0″E
Bahrain adm location map.svg
Locator Red.svg

Sakhir (arabisk الصخير) er eit ørkenområde i Bahrain, nær Zallaq. Her ligg Al-Sakhir-palasset, bygd i 1870. Tidleg i 2000-åra vart det gjort mange endringar i området. Hovuddelen av Universitetet i Bahrain vart lagt her, og billøpbanen Bahrain International Circuit, der formel 1-løpet Bahrain Grand Prix vert halde kvart år, vart bygd. Al Areen dyrereservat, det einaste naturreservat og dyrehagen på land i Bahrain, ligg òg i Sakhir. Staden er eit populært campingområde.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bahrain wilderness draws families and youth